Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

søndag 13. september 2015

Handarbeidshelg


Fekk gjort ferdig ein hals i halvpatent i dag.
Hekla ein blomst for å skjule litt "smårusk"

 
Denne bunadslommen til ein barnebunad vart ferdig i går.
Første gang eg har prøvd meg på slikt broderi - nesten fornøgd ;-)

fredag 3. april 2009

Litt gammalt, og noko nytt.......

Igår kom desse bøkene i posten, flybårne ifrå New Zealand. Har veldig lyst å begynne på teppet: An Angels Story, men kor skal eg ha eit slikt stort teppe? Kanskje eg kan lage fleire små??? Skal iallefall kose meg med bøkene i påska, sjå og planlegge.....
Inspirert av sikkert tusenvis av bloggarar rundt omkring i den vide verda, er også eg begynt å hekle. Tenkte det ein gong skulle bli eit slumreteppe/sengeteppe. Då treng eg ca 250 ruter.... Ja, ja, kanskje ein gong. Er iallefall veldig kjekt ennå. Brukar heklekrok nr 3 og Rauma finullgarn i offwhite, lysbrun melert og mørkbrun melert. Litt "safe" fargeval gjerne, men trur det blir fint der eg har tenkt å ha det.

Har også strikka meg eit sokkepar til. Plundra slik med hælen på det forrige paret, så fann ut at dette måtte gjentakast nokre fleire gonger for å lære det skikkelig. Denne gongen gjekk det mykje betre. Legg merke til foten, som no er utan gips. Deilig !!!!!! Er så vidt begynt å gå utan krykkjer, så no gjeld det berre å være forsiktig, og trene tålmodig slik fysioterapeuten anbefaler.

"Eit hjertepar" (mønster av AnnaKa), er endelig blitt ferdig. Trur eg begynte på dei desember 2007. Ting tek tid....... Desse havnar på ein smal vegg, i ein krok, på hytta. Med eit kamera som ikkje tek så altfor gode bilete innandørs, var det ei fryd idag og gå ut i ein tørr, begynnande grønn hage og fotografere quiltearbeida. Trur våren er komen for å bli no.........

Har leita fram fem gamle ufoer, som no skal gjerast ferdige. Er så vidt begynt å applikere med maskin rundt hus og naust. Desse vart påbegynt hausten 2003, så det er vel gjerne på tide å fullføre dei.
Ellers er vi no endeleg komne heilt i boks med hytta. Manglar litt møblar, hyller og dekor på veggane. Men det får vi ta etterkvart. Skal utover i helga for å planlegge uteområdet. Gleder meg...... Skal legge ut nokre hyttebilete iløpet av påskehelga.
HA EI RIKTIG GOD PÅSKE ALLE SAMAN !

tirsdag 24. februar 2009

Nålepute og dukkegenser

Har sydd ferdig nåleputa, som var tema på februarmøtet i Nordfjord lappe- og quilteklubb.

Dukkegensaren i "glittertråd" er også blitt ferdig.

onsdag 18. februar 2009

Brødbaking og strikketøy

Må no vise fram at eg gjer litt nytte for meg, sjølv om eg går sjukmeld med gipsa fot. Manøvrerande rundt på kjøkkenet på ein kontorstol, fekk eg på mandag baka heile 9 brød. Får tru det held eit par veker..........
Ellers har eg fått mange koselege helsingar både i bloggen og på mail. Tusen takk for det! Mallemor tipsa meg om at no kunne eg hive meg på strikkebølgen som florerer. Det har eg gjort. Har faktisk strikka sokkar til meg sjølv! Trur det er tredje sokkeparet eg har strikka i heile mitt liv, så det vart ein del forsøk (oppattrekkingar), før hælen vart slik den skulle...........

No idag har eg starta på nytt strikketøy. Skal strikke ein dukkegensar som skal bli gevinst på Husflidslaget sin basar til hausten. Garnet eg strikkar med, kjøpte eg i Praha hausten 2007. Det er eit tynt akrylgarn med glittertrådar i gull og turkis. Lekkert.......

søndag 25. januar 2009

Har gjort litt handarbeid i det siste...

Den siste månaden har vore svært travel, med varetelling, årsoppgjer, ferdigstilling av hytte og delvis sjukmelding. Fredag var eg på Lillestrøm på Gave- og interiørmesse i samband med jobben. No er eg nokså ajour, har ikkje noko spesielt på tapeten før den 10. februar, då skal eg ta ein operasjon som fører til nokre månader sjukmelding. Så denne helga har eg rett og slett vore heime og kosa meg med handarbeid.Er begynt å strikke eit skjerf som skal være bursdagsgave . Tjukk tråd og pinner nr 8, så det går raskt å strikke.
Er ferdig med stitcheriet av brødkorga som vi fekk på eit medlemsmøte i vår. Som de ser, skal dette bli eit bakeklede, som eg tenkte å ha sjølv.

Ellers har eg fått "limt" sengeteppet, og driv og tråklar det. Sidan eg har lite erfaring med å quilte slike store tepper, og dette er planen skal quiltast ganske masse, så har eg valgt å tråkle det godt. Tråkling er eit tidkrevande og kjedeleg arbeid, men håper at eg har igjen for det.

søndag 21. september 2008

Ei super helg............

Denne helga har vore heilt super. Avspaserte fredag, og hadde fri laurdag. Har fått beisa taklistene til hytta to strøk, slappa av, rydda og styra litt i huset, og sist men ikkje minst, sydd litt. Det går sakte men sikkert framover med sengeteppet. Trur eg kjem til å bli fornøgd med dette, når det ein gong vert ferdig..... Har også fått jobba ein del med veggteppet eg begynte på i fjor haust, som skulle være gevinst til Husflidslaget sin basar i november. Sjå oppstarten på veggteppet her. No skal Husflidslaget ha ny basar den 15. november, så eg tok meg saman og begynte på igjen. Har fått sydd saman heile teppet, og er begynt å sy på ansikt.
Nærbilete av ein av englane. Mangler hår og glorie ennå. Tenkte å quilte teppet med bølger i gulltråd om eg får det til. Symaskina mi likar ikkje metalltråd, men eg satsar på at det går greitt med så korte saumar.
Ellers har eg strikke ein del Ronilleklutar iløpet av sommaren. OK å ha i hendene når ein benker seg foran TV-en, og så er dei så utruleg gode å tørke med. Trur det skal bli nokre slike i julegåver iår til dei som har alt frå før............

søndag 16. mars 2008

GOD PÅSKE !

Ønskjer alle som kikker innom bloggen, ei riktig god påske. Eg skal jobbe mandag, tysdag, onsdag og laurdag, men helgedagane har eg fri. Skal bli herlig med nokre fridagar. Håper sola tittar fram, såg eg får spenne på meg skia ein liten tur. Idag slappar eg av med strikketøy. Det går sakte men sikkert framover på sjalet mitt.
Gryteklut laga til påska i 1998. Meget pent brukt!

søndag 13. januar 2008

Strikking

Har vore utan symaskin sidan tre veker før jul, så den siste tida har eg strikka litt. Er ikkje så veldig glad i å strikke pga problem med nakken, men litt no og då går an. Problemet er at eg startar på nye ting, utan å fullføre det eg held på med. Så medan symaskina har vore på reparasjon har eg begynt på tre ulike strikketøy. Jammen bra at symaskina no er komen tilbake til heimen sin.Driv blandt anna og strikkar tøfler til ei eg er tante til, som snart har bursdag. Mønsteret blir kalla for Bosniatøfler, har fått låne det av ei venninne. Skal visst være eit liknande mønster i siste mønsterheftet i frå Sandnes-garn, var det nokon som fortalde meg. Desse tøflene er veldig kjekke å strikke. Eg strikkar av enkel sisu i dette paret. Skal strikke eit par til meg sjølv også, men då skal eg bruke dobbel sisu og pinnar nr 4. Har også begynt på eit trekantsjal til meg sjølv, i brun og beige alpakkatråd. Brukar pinnar nr 3, så det blir tynt og mjukt. Trur dette vil bli mykje brukt til den mørkebrune jakka mi (om det blir ferdig ein gong).Dette skal bli grytekluter. Dei skal strikkast så lange at ein kan brette dei dobbelt. Så skal det heklast ein kant rundt til slutt. Dei blir veldig tjukke og gode. Fant oppskrifta på ein blogg, men huskar desverre ikkje i farta kva for ein.