søndag 13. januar 2008

Strikking

Har vore utan symaskin sidan tre veker før jul, så den siste tida har eg strikka litt. Er ikkje så veldig glad i å strikke pga problem med nakken, men litt no og då går an. Problemet er at eg startar på nye ting, utan å fullføre det eg held på med. Så medan symaskina har vore på reparasjon har eg begynt på tre ulike strikketøy. Jammen bra at symaskina no er komen tilbake til heimen sin.Driv blandt anna og strikkar tøfler til ei eg er tante til, som snart har bursdag. Mønsteret blir kalla for Bosniatøfler, har fått låne det av ei venninne. Skal visst være eit liknande mønster i siste mønsterheftet i frå Sandnes-garn, var det nokon som fortalde meg. Desse tøflene er veldig kjekke å strikke. Eg strikkar av enkel sisu i dette paret. Skal strikke eit par til meg sjølv også, men då skal eg bruke dobbel sisu og pinnar nr 4. Har også begynt på eit trekantsjal til meg sjølv, i brun og beige alpakkatråd. Brukar pinnar nr 3, så det blir tynt og mjukt. Trur dette vil bli mykje brukt til den mørkebrune jakka mi (om det blir ferdig ein gong).Dette skal bli grytekluter. Dei skal strikkast så lange at ein kan brette dei dobbelt. Så skal det heklast ein kant rundt til slutt. Dei blir veldig tjukke og gode. Fant oppskrifta på ein blogg, men huskar desverre ikkje i farta kva for ein.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Så mykje fint strikk du har begynt på! Eg likte kjempegodt det trekantsjalet, lekkert! Eg har det samme problemet som du at eg byrjar på mange ting og ikkje alltid fullfører dei. Men no har eg bestemt meg for å gjere ferdig ein del av det eg har liggande - så får vi sjå kor lenge det varer....

Nunne sa...

Hallo, gøy å besøke din blogg! Du, så nydelige Bosniatøfler du lager. Skulle ønske noen kunne scanne mønstret å sende meg på mail, jeg kan teknikken, men maskeantall og sånn er ikke så greit... Kunne du sendt dem til meg, tro??
Jeg har mailadr: gunnlaug.gjersvik@dcpost.no
Du har brukt så fine farger!
Ha god helg! Hilsen Nunne