fredag 3. april 2009

Litt gammalt, og noko nytt.......

Igår kom desse bøkene i posten, flybårne ifrå New Zealand. Har veldig lyst å begynne på teppet: An Angels Story, men kor skal eg ha eit slikt stort teppe? Kanskje eg kan lage fleire små??? Skal iallefall kose meg med bøkene i påska, sjå og planlegge.....
Inspirert av sikkert tusenvis av bloggarar rundt omkring i den vide verda, er også eg begynt å hekle. Tenkte det ein gong skulle bli eit slumreteppe/sengeteppe. Då treng eg ca 250 ruter.... Ja, ja, kanskje ein gong. Er iallefall veldig kjekt ennå. Brukar heklekrok nr 3 og Rauma finullgarn i offwhite, lysbrun melert og mørkbrun melert. Litt "safe" fargeval gjerne, men trur det blir fint der eg har tenkt å ha det.

Har også strikka meg eit sokkepar til. Plundra slik med hælen på det forrige paret, så fann ut at dette måtte gjentakast nokre fleire gonger for å lære det skikkelig. Denne gongen gjekk det mykje betre. Legg merke til foten, som no er utan gips. Deilig !!!!!! Er så vidt begynt å gå utan krykkjer, så no gjeld det berre å være forsiktig, og trene tålmodig slik fysioterapeuten anbefaler.

"Eit hjertepar" (mønster av AnnaKa), er endelig blitt ferdig. Trur eg begynte på dei desember 2007. Ting tek tid....... Desse havnar på ein smal vegg, i ein krok, på hytta. Med eit kamera som ikkje tek så altfor gode bilete innandørs, var det ei fryd idag og gå ut i ein tørr, begynnande grønn hage og fotografere quiltearbeida. Trur våren er komen for å bli no.........

Har leita fram fem gamle ufoer, som no skal gjerast ferdige. Er så vidt begynt å applikere med maskin rundt hus og naust. Desse vart påbegynt hausten 2003, så det er vel gjerne på tide å fullføre dei.
Ellers er vi no endeleg komne heilt i boks med hytta. Manglar litt møblar, hyller og dekor på veggane. Men det får vi ta etterkvart. Skal utover i helga for å planlegge uteområdet. Gleder meg...... Skal legge ut nokre hyttebilete iløpet av påskehelga.
HA EI RIKTIG GOD PÅSKE ALLE SAMAN !

3 kommentarer:

TIRIL SOL sa...

God Påske og kos deg på hytta, det skal eg:-)

Elin sa...

God Påske! Masse hyggelig her på bloggen din.

Monicas sa...

heihei....så koselig her va da....lappeteppe igjen..ha sjøl nettopp ett innlegg om det samme....fin de hjertan du ha laga å lestan...æ e veldig gla i å gjør håndarbeid,. å e enda førr amatør å regne, men det går likar og likar.....ha ei go påske, å kom gjerne innom du og...hilsen fra nord som idag e bada i sol...