Bloggen har fått ny "fasade", og då tenkte eg det passa godt å vise nokre fasadebileter av hytta. Er blitt heilt hekta på redigering av HTML-koder, og alle dei fiffige mulighetene som då dukkar opp angåande utsjånad på bloggen. I tillegg har eg fått mobilt breiband på hytta, så når eg sit her åleine utan TV, kva ellers skal eg bruke tida på enn data??? Det er jo så moro..., men no må eg skjerpe meg og komme meg ut i sola ein tur.
Viser innlegg med etiketten Hytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hytte. Vis alle innlegg
lørdag 29. mai 2010
Ny "fasade" på bloggen...
Bloggen har fått ny "fasade", og då tenkte eg det passa godt å vise nokre fasadebileter av hytta. Er blitt heilt hekta på redigering av HTML-koder, og alle dei fiffige mulighetene som då dukkar opp angåande utsjånad på bloggen. I tillegg har eg fått mobilt breiband på hytta, så når eg sit her åleine utan TV, kva ellers skal eg bruke tida på enn data??? Det er jo så moro..., men no må eg skjerpe meg og komme meg ut i sola ein tur.
søndag 19. april 2009
søndag 5. oktober 2008
Meir sjablongmaling på hytta
søndag 28. september 2008
Soveromsdekor på hytta
søndag 8. juni 2008
HYTTEOPPDATERING
Endelig var snekkarane på plass igjen, og har fått montert dei siste vindua i stova. Vi vart veldig fornøgde! Torvtaket er begynt å gro, om enn litt ujamnt ennå. Regnet som er meldt denne veka vil nok komme godt med.
Utsikta ifrå stoveglasa blir flott. Var litt overskya i havgapet denne dagen, men i klarver er det betre. Ser no at furua framme på kanten, må ofrast. Den står jo midt i "glaninga".

tirsdag 15. april 2008
LEGGING AV TORVTAK
Her er bilen med 18 paller (432 sekker) med torvtak på plass på hytta. Vi var tidleg oppe, og tok ferje ifrå Kjelkenes kl 645, då sjåføren (ein innleigd kompis) hadde mykje anna han også skulle rekke iløpet av laurdagen. Dessuten meinte sjåføren det var godt å kome seg tidleg opp??
Kraning pågår. Legginga av torvsekkane gjekk unna i ei fæla fart. Vi var to personer på taket og la sekkane utover etterkvart som sjåføren krana pallane opp på taket. Han manøvrerte dei fint bort til der vi stod, så vi slapp unna med lite bæring.
Tre timer etter oppstart (dvs kl 1100), var torvtaket ferdig lagt. Her gjenstår det berre å strø utover eit tynt torvlag for å jamne groper og bulker. Så no er det viktig å få litt regn, eller så må vi pønske ut ei ordning for å få vatna taket. Blir spennande å sjå kor tid det spirer!!
søndag 13. januar 2008
Søndagsarbeid
Idag har eg beisa panel til taka i hytta mi. Fekk beisa 23 m2 forrige helg, og 15 m2 denne helga, så det går framover. Skal ha ca 100 m2 tilsaman, så dette kjem til å ta tid. Eg brukar ein kvit panellakk som er tilsett ekstra kvitt, etter eiga resept. To strøk må til for å oppnå kvitast mogleg resultat, og for å motvirke gulning. Resultatet blir veldig bra. Eg er iallefall fornøgd, og det er no tross alt det viktigaste!!!
Når eg kom heim ifrå beiseprosjektet, fekk eg nokre timar på syrommet. Vart som vanleg sittande og studere alle dei flotte bloggane rundt omkring, før eg tok meg hardt saman og byrja på to bilete som eg har tenkt lenge at eg ville sy. Dette er eit AnnaKa-mønster ifrå 2005. Rakk ikkje meir enn å klippe ut delane og stryke dei fast idag. Får sjå om energien vedvarer imorgon etter arbeidstid, så eg får begynne å sy applikasjonane. Skal til Sandefjord på kurs i to veker (reiser neste søndag), så hadde vore greitt å ha med nokre lukkekanter å sy.
No ikveld har eg laga heimelaga pizza. Mann, barn og hund har vore i Ålfotdalen på ski. Det vart glede i heimen når mor hadde laga middag (sidan mannen i huset sluttar på jobb kl 15 og eg kl 1630, er middagslaging far si oppgåve). Prøver å ta igjen dette i helgane, ved å lage litt "skikkelig" heimelaga middager. Pizzaen smakte fortreffelig!
søndag 25. november 2007
Hytte
Har vore på hytta på synfaring idag. Der var det store endringar sidan sist. Dører og vindu var montert, taket var tett, og dei var komne langt med bordkledninga. Vi er veldig fornøgde så langt. Gledar meg vanvittig til vi skal begynne å innreie utpå nyåret ein gong. I spissen (der det no er kledd med plater) skal det også komme vindu. Desse måtte bestillast etter mål (etter at veggen vart bygd), så dei må vi vente litt på. Det beste med å være på hytta idag, var at sola??????? kikka fram ein halvtimes tid. Sjekk den blå himmelen!!!!!!
mandag 22. oktober 2007
ENDELEG OPPSTART...........
Etter mykje venting, att og fram, om og men, er vi no igang med hytta. Snekkarane starta idag, og er allereie klare med endeveggane. Blir veldig spennande å reise ut igjen til helga, for å sjå framgangen.
søndag 9. september 2007
Hyttetoppdatering
Det går heldigvis framover på hyttefronten. Altfor sakte etter mi meining, men det er no slik det er. Mykje som skal klaffe med rørlegger, betongbil, fri frå jobb etc. Men, vi fekk no støypt plata på fredag, i eit forferdelig regnvær. No gjenstår det riving av forskaling + litt småplukk før snekkarane kan komme.
torsdag 26. juli 2007
Hyttetomt på Liset
Her kjem fleire bilete ifrå hyttetomta mi. Den ligg på Liset, vest for Kalvåg i Bremanger kommune. Vi får ei heilt fantastisk utsikt med sjøen/havet i mange retninger.
Ferdig planert hyttetomt
Utsikt frå Flona, som er det høgste fjellet i området.
Hyttetomt
Det går framover på hyttefronten. No er tomta nesten ferdig. Vi skal planere litt meir på framsida mot sør, slik at vi får plass til ein skikkeleg uteplass. Så er det berre å begynne å forskale og støype. Gleder meg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)