Nokon som synes det er stille her på bloggen? Ja, ja. Dokke har vel kanskje ikkje rukke å reagere ennå, her har jo aldri vore så veldig høg aktivitet. Men, uansett. Her er grunnen. EG ER BLITT STUDENT. Iløpet av det kommande året skal eg studere fire fag på bedriftsøkonomistudiet, totalt 30 studiepoeng. Dette skal foregå på nettet, ved sida av å være i full jobb, så eg får nok å henge fingrane i/bryne hovudet på framover.
Viser innlegg med etiketten Jobb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jobb. Vis alle innlegg
tirsdag 8. september 2009
søndag 21. desember 2008
torsdag 4. desember 2008
TESTING AV JULEBORDSMENY
Laurdag 13. desember skal eg arrangere "julebord" for dei ansatte i Ytrehus Sag AS med følge. Søndag testa eg den treretters menyen eg har planer om å servere.
Forrett: Rekesalsa
Hovudrett: Bacalao
Alle rettane var veldig gode, men det vart for mektig med "Tilslørte julekaker" til slutt, så det blir nok litt endring i menyen.
fredag 8. februar 2008
Jotun Fagskule
For dei som lurer på kva eg har styrt med i det siste, så har eg vore to veker på jobbkurs i Sandefjord. Kom heim forrige helg. Denne veka har det stort sett vore jobbing, både på dagtid og kveldstid. Papirhaugen på kontoret var uhyggeleg høg etter desse to vekene. Merkeleg at ingen andre har teke den jobben!! Var både fakturering, bestillinger, vareregistrering, månedsavslutning og priskontroll å ta igjen. SUKK!!! No er eg lei av å jobbe, eg vil sy!!! Må berre bli ferdig med prosjektet Jotun Fagskule først.
Det vart ein tjukk perm å dra på heim ifrå Sandefjord. Omtrent 500 sider med trykk på begge sider. Utruleg kva som er å lære om malingsfaget!! Og ennå er eg langt ifrå utlært!!!!!!
Mykje teori å gå igjennom på kort tid, så no set eg og finles, og jobber med alle oppgåvene vi ikkje rakk å gå igjennom på kurset.
Tilslutt skal eg då besvare to eksamensoppgaver (med totalt 250 spørsmål), der eg må ha minimum 90% riktig for å få bestått, og motta kursbevis. Iløpet av kommande veke må eg være ferdig med besvarelsen, så syinga må nok vente ennå ei stund dessverre.!!
Håper og trur at eg kjem sterkt tilbake med spennande syprosjekt.
Håper og trur at eg kjem sterkt tilbake med spennande syprosjekt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)