Bloggen har fått ny "fasade", og då tenkte eg det passa godt å vise nokre fasadebileter av hytta. Er blitt heilt hekta på redigering av HTML-koder, og alle dei fiffige mulighetene som då dukkar opp angåande utsjånad på bloggen. I tillegg har eg fått mobilt breiband på hytta, så når eg sit her åleine utan TV, kva ellers skal eg bruke tida på enn data??? Det er jo så moro..., men no må eg skjerpe meg og komme meg ut i sola ein tur.
lørdag 29. mai 2010
Ny "fasade" på bloggen...
Bloggen har fått ny "fasade", og då tenkte eg det passa godt å vise nokre fasadebileter av hytta. Er blitt heilt hekta på redigering av HTML-koder, og alle dei fiffige mulighetene som då dukkar opp angåande utsjånad på bloggen. I tillegg har eg fått mobilt breiband på hytta, så når eg sit her åleine utan TV, kva ellers skal eg bruke tida på enn data??? Det er jo så moro..., men no må eg skjerpe meg og komme meg ut i sola ein tur.
søndag 16. mai 2010
Litt nytt på handarbeidsfronten
Forrige søndag kosa eg meg på syrommet, og sydde denne vesle sminkepungen. Den er sydd av restestoffa etter denne veska. Eg vart inspirert etter å ha følgt med på bloggen til Timotei og sett alle dei fine ho lagar. Undervegs oppdaga eg at eg hadde gjort feil med lukkekanten og bretta den dobbel. Vart smalt og vanskeleg å få til glidelåsen sjølv om framgangsmåten var godt beskrive både med tekst og bilete. Sminkepungen er satt saman av 80 kvadrat på 4*4 cm.
Ellers har eg "rota" vekk mange timar idag framfor dataen, med å endre bloggen til tre kolonner. Synest det vart oversiktlig og fint no (men kanskje er det enkelte som må scrolle for å sjå heile sida?). Googla framgangsmåten på nettet, endra HTML-kodar, og vips så fekk eg det til. Neste steg no er å lære meg bilderedigering. Ønskjer meg ein "kolasj" i headingen, nokon som kan hjelpe?
Nei no får eg hive meg i studiane. Eksamen neste veke igjen. Siste for denne gangen.............
lørdag 17. april 2010
OG PÅSKA GJEKK MEG HUS FORBI......., MEN EG RAKK Å SY BITTE LITT.
Ja, det er vel på høg tid med ei lita oppdatering her. Jula varer heilt til påske heiter det, og det er visst tilfelle her hos meg. ........Tida går med til jobb, studier, hus og heim. Meir rekk eg rett og slett ikkje for tid. I påska tok eg meg imidlertid fri frå studier og reiste på hytta. Brukte tida til å lese ei god bok og gå tur/få frisk luft. Begynte også på eit syprosjekt, som på sikt skal bli eit veggteppe.
Her er eg igang med syinga. Blått og brunt med innslag av brunrødt og orange.
Store kvadrat i første omgang, så får vi sjå kor vegen går.........
Har iallefall arbeid ei stund med å sy saman kvadrata, 224 stk tilsaman, som så skal skjærast sund igjen på eit vis, og syast saman igjen på eit vis, og bli til eit eller anna på eit vis. Vent og sjå, resultat kjem ein vakker dag før du veit ordet av det............
torsdag 24. desember 2009
SÅ VART VI KLARE TIL JUL I ÅR OG...
Har vore ein hektisk haust med økonomistudier i tillegg til full jobb + ein del plager med helsa, så tida har rett og slett gått altfor fort. Det har vorte lite juleforberedelsar, men jul blir det uansett. No er vi stort sett klare her i huset. Nissegraut på låven på Eikeland kl 1300, ein tur utom gravene for å tenne lys, så er det heim og lage klar middagen. Ser fram til nokre rolege dagar med tid til famile og venner, før det blir lesing til ny eksamen rett over nyttår.
torsdag 5. november 2009
Tosidig løper endelig ferdig.
Siste helga i august var eg på Nordfjordeid på lappekurs i TOSIDIG TEKNIKK. Når eg kom heim frå kurset var det omtrent berre lukkekanten igjen på denne løparen. Det tok med andre ord nokre veker før lukkekanten vart falda til på baksida, men no er det gjort. Kurset var kjempekjekt, og teknikken var enkel og flott. Relativt hurtig å sy også.
Løparen måtte jo bli i brunt og blått/turkis. Så dei som lurte på kva stoff eg skulle ha sjølv i det forrige innlegget, har nok skjønt det no. Dei brune og blå/turkise er mine.
Her er løparen allereie teken i bruk på hytta. Legg merke til kor godt lysa matcha duken då. Dei er jo selvfølgelig turkise..............
No er det lesing til eksamen som gjeld. Skal ha eksamen i Grunnleggande bedriftsøkonomi med regnskap på mandag. Det blir spennande.
No er det lesing til eksamen som gjeld. Skal ha eksamen i Grunnleggande bedriftsøkonomi med regnskap på mandag. Det blir spennande.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
