tirsdag 15. april 2008

LEGGING AV TORVTAK

Her er bilen med 18 paller (432 sekker) med torvtak på plass på hytta. Vi var tidleg oppe, og tok ferje ifrå Kjelkenes kl 645, då sjåføren (ein innleigd kompis) hadde mykje anna han også skulle rekke iløpet av laurdagen. Dessuten meinte sjåføren det var godt å kome seg tidleg opp?? Kraning pågår. Legginga av torvsekkane gjekk unna i ei fæla fart. Vi var to personer på taket og la sekkane utover etterkvart som sjåføren krana pallane opp på taket. Han manøvrerte dei fint bort til der vi stod, så vi slapp unna med lite bæring.
Tre timer etter oppstart (dvs kl 1100), var torvtaket ferdig lagt. Her gjenstår det berre å strø utover eit tynt torvlag for å jamne groper og bulker. Så no er det viktig å få litt regn, eller så må vi pønske ut ei ordning for å få vatna taket. Blir spennande å sjå kor tid det spirer!!

Ingen kommentarer: