søndag 25. november 2007

Hytte

Har vore på hytta på synfaring idag. Der var det store endringar sidan sist. Dører og vindu var montert, taket var tett, og dei var komne langt med bordkledninga. Vi er veldig fornøgde så langt. Gledar meg vanvittig til vi skal begynne å innreie utpå nyåret ein gong. I spissen (der det no er kledd med plater) skal det også komme vindu. Desse måtte bestillast etter mål (etter at veggen vart bygd), så dei må vi vente litt på. Det beste med å være på hytta idag, var at sola??????? kikka fram ein halvtimes tid. Sjekk den blå himmelen!!!!!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt at det går som forventa med hytta, men eg syns eg såg noko utsikt frå kjøkkenglaset i går??

STRIKKEMOR(O) sa...

Hytta blir veldig flott. Kan forstå at du gler deg til å innreie den! Sminkepungen i dongeri ser kjempestilig ut! Lurt å bruke dongeristoff. Mottakaren blir nok fornøgd!

TIRIL SOL sa...

Kjempefint. Det går fort framover med dokke ser eg. Kva skal du ha på vegger og gulv?