søndag 13. januar 2008

Søndagsarbeid

Idag har eg beisa panel til taka i hytta mi. Fekk beisa 23 m2 forrige helg, og 15 m2 denne helga, så det går framover. Skal ha ca 100 m2 tilsaman, så dette kjem til å ta tid. Eg brukar ein kvit panellakk som er tilsett ekstra kvitt, etter eiga resept. To strøk må til for å oppnå kvitast mogleg resultat, og for å motvirke gulning. Resultatet blir veldig bra. Eg er iallefall fornøgd, og det er no tross alt det viktigaste!!! Når eg kom heim ifrå beiseprosjektet, fekk eg nokre timar på syrommet. Vart som vanleg sittande og studere alle dei flotte bloggane rundt omkring, før eg tok meg hardt saman og byrja på to bilete som eg har tenkt lenge at eg ville sy. Dette er eit AnnaKa-mønster ifrå 2005. Rakk ikkje meir enn å klippe ut delane og stryke dei fast idag. Får sjå om energien vedvarer imorgon etter arbeidstid, så eg får begynne å sy applikasjonane. Skal til Sandefjord på kurs i to veker (reiser neste søndag), så hadde vore greitt å ha med nokre lukkekanter å sy. No ikveld har eg laga heimelaga pizza. Mann, barn og hund har vore i Ålfotdalen på ski. Det vart glede i heimen når mor hadde laga middag (sidan mannen i huset sluttar på jobb kl 15 og eg kl 1630, er middagslaging far si oppgåve). Prøver å ta igjen dette i helgane, ved å lage litt "skikkelig" heimelaga middager. Pizzaen smakte fortreffelig!

1 kommentar:

Anonym sa...

Får ikkje skrive på skravelboksen din , er eg utestengd?
Du må sende mobilnr ditt. He he AUD M