tirsdag 15. april 2008

FERIE OG SKITUR

Denne veka har vi ferie her i heimen!!! Ei ypperleg tid å ha ferie på for min del, før utesesongen i butikken startar for fullt. 10.klasse ved Svelgen skule er i Polen på klassetur, men min sønn ville ikkje være med, så han har skulefri. Sidan det var fine værmeldinger heile veka, bestemte vi oss for å ta ei veke ferie alle "mann". Så idag har vi då vore på skitur til Klauevatnet i Magnhildskaret. Det var blå himmel og sol, men litt kald vind. Ein nydeleg dag!!! Wilma var også selvfølgelig med. Ho elsker å springe etter oss når vi renn på ski, prøver å fange stavane våre. Heilt utruleg kva energi den hunden har. Eg kavar meg oppetter bakkane så godt eg kan, medan Wilma spring gjerne opp og ned bakken 3 gangar på samme tida. Den som hadde vore så sprek!!
HMMMMM............... To innlegg på bloggen på ein dag???? Trur jammen litt ferie gjer underverk!!!!!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Hilde Ja jammen har du og hunden og familien fine dagar på ski lurt det å ta litt fri utanom sesongen Kjempeflott torvtak Fortsatt god ferie Beste helsing Ingun

Anonym sa...

Heisann. Tar min ukentlige bloggbesøk runde i dag, for eg skal reise bort i morga. Ønsker deg ei strålandes fin helg :)
Klem fra Ronille

Anonym sa...

Ha ei fin ferieveke. Må sei dokke har truffe med veiret. mallemor

STRIKKEMOR(O) sa...

Sikkert herleg med litt ferie og frisk luft! Løparen din i brunt og turkis blei flott! God Helg!

Anonym sa...

Så var nok ei uke over og det er snart helg. Eg er på min ukentlige God Helg bloggbesøktur, og ønsker deg ei fin helg.
Klem fra Ronille