søndag 25. november 2007

Toalettveske og DJ

Etter å ha sydd eit stort dongeriteppe i fjor vår, fekk eg mange småbitar til overs. Desse har eg brukt til ei lita toalettveske sydd i crazy-teknikk. Brukte beltestroppene til hemper i endane av glidelåsen. Vart veldig fornøgd med resultatet!!! Dette skal bli julegave til ein av tanteungane mine, så no er eg også endeleg i gang med julesjauen.Har sydd mi tredje DJ-blokk til lappeklubben sitt fellesprosjekt. Denne har eg sydd med hand over papirmaler. Har eitt mønster til liggande og vente på meg, så det er berre å henge i.

3 kommentarer:

MITT FARGERIKE sa...

Har kikka innom bloggen din og fekk sjå mykje fint. Mange fine bilder og kjempefine ting i lappeteknikk. Er det greit eg linkar deg, trur eg må halde eit handarbeidsauge med deg om det er greit :-)

Elin sa...

Kjekt å sjå progress med hytta- og heldig tanteunge, gjett kven?

Anonym sa...

Stilig toalettveske, og gjenbruk gir en god følelse. Ønsker deg en flott advent.