Etter å ha sydd eit stort dongeriteppe i fjor vår, fekk eg mange småbitar til overs. Desse har eg brukt til ei lita toalettveske sydd i crazy-teknikk. Brukte beltestroppene til hemper i endane av glidelåsen. Vart veldig fornøgd med resultatet!!! Dette skal bli julegave til ein av tanteungane mine, så no er eg også endeleg i gang med julesjauen.
Har sydd mi tredje DJ-blokk til lappeklubben sitt fellesprosjekt. Denne har eg sydd med hand over papirmaler. Har eitt mønster til liggande og vente på meg, så det er berre å henge i.
3 kommentarer:
Har kikka innom bloggen din og fekk sjå mykje fint. Mange fine bilder og kjempefine ting i lappeteknikk. Er det greit eg linkar deg, trur eg må halde eit handarbeidsauge med deg om det er greit :-)
Kjekt å sjå progress med hytta- og heldig tanteunge, gjett kven?
Stilig toalettveske, og gjenbruk gir en god følelse. Ønsker deg en flott advent.
Legg inn en kommentar