søndag 16. mai 2010

Litt nytt på handarbeidsfronten


Forrige søndag kosa eg meg på syrommet, og sydde denne vesle sminkepungen. Den er sydd av restestoffa etter denne veska. Eg vart inspirert etter å ha følgt med på bloggen til Timotei og sett alle dei fine ho lagar. Undervegs oppdaga eg at eg hadde gjort feil med lukkekanten og bretta den dobbel. Vart smalt og vanskeleg å få til glidelåsen sjølv om framgangsmåten var godt beskrive både med tekst og bilete. Sminkepungen er satt saman av 80 kvadrat på 4*4 cm.

Ellers har eg "rota" vekk mange timar idag framfor dataen, med å endre bloggen til tre kolonner. Synest det vart oversiktlig og fint no (men kanskje er det enkelte som må scrolle for å sjå heile sida?). Googla framgangsmåten på nettet, endra HTML-kodar, og vips så fekk eg det til. Neste steg no er å lære meg bilderedigering. Ønskjer meg ein "kolasj" i headingen, nokon som kan hjelpe?

Nei no får eg hive meg i studiane. Eksamen neste veke igjen. Siste for denne gangen.............

2 kommentarer:

Fru Gravid sa...

Hei Hei! Kjempefin blogg du har! Masse interessant å se.. :)

For ei som nettopp har begynt å følge deg lurer jeg på hva du tar eksamen i? :)

Lykke til!

Klem fra kalde Nord!

Lappetausa sa...

Last ned Picasa, då går det lett! Så fin bloggen din blei!