søndag 1. november 2009

Shopping..

For to veker sidan var eg på helgebesøk hos ei venninne i Oslo. Var ein tur innom Katrines Quiltestue og snopa litt lappestoff. Skal sy fire kuvertbrikker til venninna mi, så ho fekk plukke ut stoffa eg skal bruke sjølv. Dei andre stoffa skal eg ha liggande på lur til rette anledninga.
Kan du gjette kva for nokre stoff eg skal ha sjølv?

2 kommentarer:

Bente sa...

Nydelege stoff du har kjøpt.
Eg tippa dei røde skal brukast til kuvertbrikker, og dei andre skal ligge på lur :-)

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg tippar du skal ha dei brune og blå stoffa sjølv, dei ser utruleg fine ut!!