torsdag 5. november 2009

Tosidig løper endelig ferdig.

Siste helga i august var eg på Nordfjordeid på lappekurs i TOSIDIG TEKNIKK. Når eg kom heim frå kurset var det omtrent berre lukkekanten igjen på denne løparen. Det tok med andre ord nokre veker før lukkekanten vart falda til på baksida, men no er det gjort. Kurset var kjempekjekt, og teknikken var enkel og flott. Relativt hurtig å sy også. Løparen måtte jo bli i brunt og blått/turkis. Så dei som lurte på kva stoff eg skulle ha sjølv i det forrige innlegget, har nok skjønt det no. Dei brune og blå/turkise er mine.
Her er løparen allereie teken i bruk på hytta. Legg merke til kor godt lysa matcha duken då. Dei er jo selvfølgelig turkise..............
No er det lesing til eksamen som gjeld. Skal ha eksamen i Grunnleggande bedriftsøkonomi med regnskap på mandag. Det blir spennande.

3 kommentarer:

Anelia sa...

Så snygga färger och fin löpare du her gjort!
Ha det bra!

Haldis sa...

Kjempe fin! Var eit kjekt kurs, vart nesten ferdig til lukkekant med det samme. Lykke til med eksamen.

Nina i Paradiset sa...

Hei!
Og tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen!
Fargen på rammene er litt skarpere blå i virkeligheten, men prisen er ikke noe å klage på 149,-
Har 3 igjen

Nina