torsdag 23. juli 2009

Baking, krim og sekskantar.

Den siste veka har det vore mykje regnvær. Mann, sønn og hund er på ferietur. Eg er heime åleine då eg jobbar denne veka også. Frysaren var tom , så eg har baka fleire kveldar i strekk for å fylle opp med gjærbakst. Godt å ha på lur når ferien startar. Reknar med at vi får ein del besøk på hytta framover. I tillegg til det som viser her, har eg baka 9 grovbrød , 50 vaniljesnurrer og 60 muslirundstykker. Skulle tru at dette held ei stund ????
De er hjerteleg velkomne til ein smak!

Innimellom deiglaging, heving og utbaking, les eg krim. Ikkje ofte eg tek meg tid til å lese bøker lenger, men når eg gjer det, så les eg krim. Desse bøkene kan anbefalast på det sterkaste. Lettlesne og spennane ifrå første til siste side. Har bestilt to bøker til av samme forfatter, så her blir det meir lesing framover om regnværet fortset. Eg kosar meg sjølv om det regnar eg........
Og så har eg sydd nokre sekskantar. Mallemor og Halldis er også ferdige med sine. Tidlegare i sommar arrangerte eg blåtur for Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. På turen fekk alle deltakarane velge seg to gaver. Desse gavene inneheldt materiell til å sy to store og to små sekskantblomster. Iløpet av neste vinter er det planen at eg skal montere alle blomstrane til eit eller to tepper som skal loddast ut ved eit seinare høve.
Spørs om eg har teke meg vatn over hovudet, men det vil no tida vise......

ØNSKER ALLE EIN FORTSATT FIN SOMMER.
NO TEL EG TIMANE TIL FERIEN STARTAR...... 20 TIMAR IGJEN.....

7 kommentarer:

Haldis sa...

Å følge med i timane er alltid lurt, det har eg ikkje gjort denne gongen. Kan du bruke sekskantane er det greit, hvis ikkje skal eg sy nye. Var stolt over at eg var ferdig men datt fort ned igjen. Sekskantane dine vart fine. Ha ein riktig god ferie og kos deg med all baksten på den flotte hytta di.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg er heilt imponert over kor du bakar! Den baksten hadde kome godt med i frysaren her. Bøkene som du les har eg sett på Narvesen og vurdert å kjøpe. Bra med ei anbefaling. Du får kose deg på hytta di når du får ferie!

Mallemor sa...

Eg kunne trengt litt av det du har baka i min frysar. Eg bakte 8 brød før innrykket kom, men igår måtte eg til mrd 4 nye, håper dette held til over helga. Vi er no 8 voksne o 3 unger. I dag starter Malakof rockfestival ogdå blir vi ein ungdom i tillegg. Isprinsessen er ei bra bok. Eg held på med "Predikanten" av samme forfatter.

Ingun sa...

Her var det mye spennende. Linket deg;-)

Bente sa...

Du verden for ein produksjon :-) Det minner meg på at det er ei stund sidan eg har baka....
Masse fint i bloggen din.
Ha ein fortsatt fin sommar :-)

Halling jenta sa...

Imponerande :-) Baksten såg fantastisk god ut. Kan du legge ut oppskrifter???
Sekskantane såg spennande ut:-) Eg får kjøpe lodd eg då, som ikkje var på blåtur. Skulle gjerne vore med på turen, men ein kan ikkje få med seg alt...
God Ferie til deg og dine:-)

Two sa...

Mykje godt bakverk her ja, tek gjerne ein smak. Muslirundstykker,...det har eg aldri laga, håper du kjem med oppskrift ein dag!!