søndag 16. august 2009

HORNELEN

Vi har lenge snakka om at vi burde prøve å "bestige" Hornelen, og endeleg passa det å gjere eit forsøk. Til tross for overskya vær med tåke på toppen, og framleis litt vond ankel, tok vi fatt på den firetimers lange turen ifrå Berleneset. Dei to første timane gjekk vi på flott sti, med litt ujamn stigning. Siste halvdel av turen gjekk stien på stein, stein og atter stein. Det var ein lang tur, men vi såg at tåka letta på toppen etterkvart som vi nærma oss, så vi heldt motet oppe.
Stolt sønn på toppen av Hornelen, med Leirgulen og Borten i bakgrunnen. Tåkedottane ligg framleis og truar på nokre kantar, men dei forsvann litt etter litt.
Dette biletet er teke heilt framme på klippa, der ein ser 860 m rett i havet. Skummelt...
Har sett at mange lar seg fotografere liggande framme på klippa, men høgdeskrekken min som gjer seg gjeldande i nokre få tilfelle, tillot ikkje denslags ablegøyer.
Noko av det Hornelen er kjent for, er at fjellet er kløyvd i to, og i denne kløfta ligg det ein stor stein. Her er det mogleg å hoppe over til andre sida for å ta bilete ned igjennom kløfta. Eg turde ikkje å strekke meg så langt at eg fekk ta bilete (det måtte mannen gjere), men eg hoppa over til andre sida for å sjå. Det var eit spektakulært syn, å sitje der på huk og sjå rett i havet gjennom denne 860 m høge kløfta.......
Kan nemnast at det blir utført jevnlige målingar for å følgje med på om kløfta utvidar seg, noko ho gjorde seinast på 60-tallet. Forskarane frykta vel til og med ei stund at heile Hornelen skulle rase i sjøen. Det får eg verkeleg håpe at aldri skjer, for det blir litt av ei flodbølge!!!
Her ser vi Måløy bakerst i biletet.
Sondre (som var den tøffaste av oss), måtte nyte synet ifrå alle kanter. Når han sat på kanten her, sa han berre ojjj, ojjjj, ojjjj, ojjjj...... Trur nok det var litt høgt ja.
Her er mor sjølv på veg nedatt den første ura. Vi var utruleg heldige med turen. Overskya og passe temperatur å gå opp i, tåka som letta medan vi var på toppen og gav oss ei utruleg utsikt, sol og vindstille når vi skulle gå nedatt. Det var ein lang tur for ei som er relativt utrena, men ein fantastisk opplevelse.
Er du interessert i å sjå fleire bilete ifrå Hornelentur?

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette må ha vore ein fantastisk tur! Flotte bilder og interessant å sjå for meg som aldri har vore på Hornelen! Ha ei riktig god helg!

Haldis sa...

Dette såg fantastisk ut. Ein draum å komme dit. Det blir ikkje i år for det vil ikkje kneet mitt vere med på. Flotte toalettvesker du har laga.