mandag 28. april 2008

KJØTTKAKER

Idag har eg vore kjempeflink, og hatt meg ei skikkeleg økt på kjøkkenet etter at eg kom heim frå jobb. Har malt hjorte- og sauekjøtt, og laga kjøttkaker. Det vart tilsaman 190 kjøttkaker. For vår lille famile på 3 personer, så er det 21 middager.
No ligg eg rett ut på sofaen og tek meg igjen. Er godt fornøgd med dagens arbeidsinnsats.

Hadde tenkt å rekke å sy litt også i kveld, men det vart som vanleg med tanken. Er så vidt begynt på sengeteppet vist i eit tidlegare innlegg. Skal vise bilete når eg kjem litt lenger i prosjektet. Forløpig er det berre stripesett å vise.

tirsdag 15. april 2008

FERIE OG SKITUR

Denne veka har vi ferie her i heimen!!! Ei ypperleg tid å ha ferie på for min del, før utesesongen i butikken startar for fullt. 10.klasse ved Svelgen skule er i Polen på klassetur, men min sønn ville ikkje være med, så han har skulefri. Sidan det var fine værmeldinger heile veka, bestemte vi oss for å ta ei veke ferie alle "mann". Så idag har vi då vore på skitur til Klauevatnet i Magnhildskaret. Det var blå himmel og sol, men litt kald vind. Ein nydeleg dag!!! Wilma var også selvfølgelig med. Ho elsker å springe etter oss når vi renn på ski, prøver å fange stavane våre. Heilt utruleg kva energi den hunden har. Eg kavar meg oppetter bakkane så godt eg kan, medan Wilma spring gjerne opp og ned bakken 3 gangar på samme tida. Den som hadde vore så sprek!!
HMMMMM............... To innlegg på bloggen på ein dag???? Trur jammen litt ferie gjer underverk!!!!!

LEGGING AV TORVTAK

Her er bilen med 18 paller (432 sekker) med torvtak på plass på hytta. Vi var tidleg oppe, og tok ferje ifrå Kjelkenes kl 645, då sjåføren (ein innleigd kompis) hadde mykje anna han også skulle rekke iløpet av laurdagen. Dessuten meinte sjåføren det var godt å kome seg tidleg opp?? Kraning pågår. Legginga av torvsekkane gjekk unna i ei fæla fart. Vi var to personer på taket og la sekkane utover etterkvart som sjåføren krana pallane opp på taket. Han manøvrerte dei fint bort til der vi stod, så vi slapp unna med lite bæring.
Tre timer etter oppstart (dvs kl 1100), var torvtaket ferdig lagt. Her gjenstår det berre å strø utover eit tynt torvlag for å jamne groper og bulker. Så no er det viktig å få litt regn, eller så må vi pønske ut ei ordning for å få vatna taket. Blir spennande å sjå kor tid det spirer!!