onsdag 19. november 2008

ADVENTSTID

Ja,ja, så gjekk planen min om å være flinkare å oppdatere bloggen til hausten, rett i vasken. Forrige innlegg var datert 5. oktober, nesten 7 veker sidan, verre enn nokon gong. Her må det omprioriteringer til, i ein travel kvardag...., om bloggen skal prioriterast.
Har fått sydd ein del i det siste. Toppen til
dette teppet, er no ferdig samansydd. Legg ut bilete når eg har fått quilta det. Kvir meg til den jobben, har ikkje trening i å quilte store tepper........

Idag har eg vaska stova, og då meiner eg verkeleg vaska. Tak, vegger, møbler, duker, tepper. No luktar det reint og godt. Sidan det ikkje er så veldig lenge til advent, tok eg likeså godt fram både lilla puter, duker og lys. Så no sit eg her i godstolen med tente lys, og nyt lukta av såpe....

ØNSKJER ALLE EI RIKTIG FIN ADVENTSTID !!!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Hilde nydelege fargar dette her Beste helsing Ingun