søndag 23. november 2008

STITCHERY


På mai-møtet i Nordfjord lappe- og quilteklubb hadde vi stitchery som tema. Alle som ville delta, fekk kjøpe ein materialpakke til denne "brødkorga". Eg begynte så vidt, og så vart det pakka vekk når eg kom heim (slik det stort sett alltid blir.....) Hadde ei lita opprydning i skuffa med påbegynte/planlagde prosjekt igår ettermiddag, og der dukka "brødkorga" fram. Huskar vi fekk utlevert blå tråd nok til heile stitcheryet, men den var borte vekk. Leita fram lysebrun tråd til brøda, og sette igang. Var koseleg arbeid å sitje med foran Tv-en ein laurdagskveld.
Er motivert for å fullføre det, no når eg først har teke det fram. Det kan jo bli ei fin brikke til serveringsbrettet eller brødkorga. Berre sjå kor flotte Halldis og Juliann sine blei.

Ingen kommentarer: