onsdag 10. september 2008

Barndomsheimen til farmor

Garden til venstre i biletet heiter Inigard på Myklebust i Oldedalen. Der voks mi farmor opp isaman med 4 andre søsken. Den eine broren døydde ung, medan dei tre andre søskena (ein bror og to søstre) dreiv gardsbruket i Oldedalen med melkeproduksjon, geiter og hestar. Far min overtok garden i 1972, så mine barndoms somrar bestod av slåttonner, først i Ervik (der eg voks opp), så i Oldedalen, og så på han igjen med hoslåtten. Men det gjorde meg ingenting, for eg stortreivst der inne saman med "gamletantene" som framleis levde.
Dette huset voks mi farmor opp i. Huset var i dagleg bruk fram til 1969 utan innlagt vatn. Her er det stove, kjøkken og hems. Dei var ikkje kravstore den gongen.
Stova i dette huset er ifrå 1824. Så er den blitt påbygd med soverom i fleire omganger etterkvart som behova endra seg. Tilslutt vart det eit heilt hus av alle påbyggingane. Dette huset vart brukt til kårstove for mine oldeforeldre. Når vi var i Oldedalen for å slå om somrane, budde vi i dette huset. Vi låg faktisk på halmmadrasser i gamle antikke senger (og det på 70-tallet). Eg har mange gode minner ifrå denne plassen...................................
Dessverre vart vi nøydde å selge gardsbruket for 2 år sidan. Min far makta ikkje lenger å vedlikehalde alle bygningane, og syte for at jorda vart stelt. Eg hadde odel på gardsbruket, men etter mange våkne netter, valgte eg å skrive frå meg denne retten, då det var urealistisk å flytte dit for å overta (bu-og driveplikt + mange gamle bygg å vedlikehalde).

Før dei nye eigarane overtok garden, var eg innover med lastebil og sikra meg nokre gamle møbler. Blandt anna denne kommoden. Ganske så oppeten av mått, men nydelig.
Denne gamle sjeselongen fekk eg også sikra meg. Desse to møblane + fleire, har eg levert til ein møbelsnikkar her i Svelgen, som driv med restaurering. Sjeselongen skal han skifte fjørene i, og trekke opp igjen. Var nedom og såg på framdrifta i går, og det viser seg at under trekket er det eit nydelig treverk, brunbeisa med utskjeringar. Truleg er ikkje trekket på biletet det originale. No er det store spørsmålet, kva slags stoff skal eg velge? Gobelin, velur, ensfarga ????? Nokon som har tips å komme med? Det er forresten bror til bestemor (han som døde ung), som har laga desse møblane, og det gjer det jo ekstra kjekt at dei no er mine.


2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det var kjekt å sjå bilder frå garden i Oldedalen. Eg har lurt på kva for ein gard det var kvar gong eg har køyrt forbi på veg til Briksdalsbreen. Det var nok ikkje så lett å bestemme seg for å selje, men det var vel ingen annan utveg.... Fine møblar du sit att med i alle fall!

Elin sa...

Interessant å sjå og lese om dette, har jo høyrt om garden før! Det måtte vere forferdeleg vanskeleg å la denne perla gå frå seg!!