mandag 25. august 2008

LITT NYTT.........

Titt, tei, her er eg, for alle som lurer på kor eg blir av........................ Forrige helg, hadde vi det heilt fantastisk på Vianvang. God mat, god drikke, gode venner og godt vær. Rett og slett ei perfekt helg!! Fotoapparatet låg att heime, så har dessverre ikkje bilete å dele med dokke.

Denne helga har vi feira sonen sin 16-årsdag. Han hadde bursdag på fredag, men då var mor på Lillestrøm på gave- og interiørmesse, så vi feira med kaffi og kaker igår. Sidan det er blåbærsesong for fullt i Ålfotdalen, tok eg ein formiddagstur dit, så eg fekk ferske blåbær til pynt på marengskaka. Her skulle då ligge bilete av kaka, men no fekk eg problem med opplastinga, så det får være ein annan dag.....................

1 kommentar:

Anonym sa...

Hallo. Ja, så har atter ei veke gått... No er det helg, og eg har planer om å sy litt, så skal eg hekle på teppet mitt. Ønsker deg ei fin helg :)
Klem fra Ronille