mandag 28. juli 2008

TRAVEL SOMMER HITTIL........

At eg er lite flink til å oppdatere bloggen, har vel dei fleste skjønt! Men denne gangen vart det riktig ille. Grunnen kan dokke lese om HER. Det var min sjef, firmaets sjåfør og daglige leder, som var den uheldige. Dei lettare skadene, viste seg å være svært omfattande og tildels alvorlige. Lastebilen med krane vart kondemnert. Så akkurat no er vi utan bil, sjåfør og daglig leder i vårt lille firma med 4,5 årsverk. Ulykka skjedde onsdagen i veka før eg skulle starte på ferie. Så dei to vekene eg skulle ha ferie, vart i år redusert til ei (og den eine veka måtte eg være tilgjengeleg på telefon heile dagen pga uerfaren vikar i butikken).

Ja,ja... Slikt kan ein jo ikkje forutsjå. Det gjekk bra med mannen, og det er iallefall godt. Han kjem vel sterkt tilbake håper eg............ Dei tilmålte feriedagane, vart tilbrakt på hytta med sliping, sparkling, grunning, sliping, sparkling, grunning, sliping, sparkling.......... Mykje arbeid, men veldig kjekt å kome igang. Vi fekk også gjort ein del på uteområdet. Planta hekk, og sådde ei skråning ++++. Her bidrog mi mor sterkt med både fagkompetanse og fysisk styrke.

Som dokke skjønner, har det vore hektiske veker i det siste. Akkurat no prøver ei av dei andre ansatte å avvikle 3 veker ferie, så eg styrer butikken åleine. Det går greit det, men når arbeidsdagen er omme, så orker eg liksom ikkje meir......... Skal prøve å komme sterkare tilbake utpå hausten.

Har forresten noko å sjå fram til i all denne jobbinga. Fredag 15. august, reiser mannen min og eg på helgatur HIT, saman med fire andre par. Det gler vi oss veldig til..............

FORTSATT GOD SOMMER, TIL ALLE SOM KIKKER INNOM !!!!!

4 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt med eit livsteikn. Ja eg tvilar ikkje på at mor di kunne kome med gode råd og god hjelp når det gjeld blomar! Så må de har fin tur til Brimi'en då!

Anonym sa...

Heisann. En helgeklem på veg til deg, fra meg. Denne gjelder også neste helg, for da er eg på Santorini og kjem ikkje innom på besøk til deg :)
Klem fra Ronille

Anonym sa...

God helg klem på veg til deg fra meg :)

Anonym sa...

Heisann. Innom med ei god helg helsing :)