søndag 18. mai 2008

ENDELEG OPPDATERING!!!!!

Her kjem endeleg ei oppdatering ifrå Svelgen. Har vore travle veker i det siste, med mykje besøk i samband med dei to siste helgane. Har hatt besøk av ei venninne med mann og to barn, foreldrene mine, svigerinne med mann, og svoger med kone. I tillegg til dette har vi vore i ein 60-års dag og ein konfirmasjon. Dette har ført til lite sying, men det er jo ikkje noko nytt! Innimellom alle gjestane har eg fått skjært opp alle remsene og kvadrata til sengeteppet som eg skal sy. Mønsteret viser i eit tidlegare innlegg. Er iallefall i gang!!
Ellers har eg fått vaska og rydda uteplassen under verandaen. Der er kjempfint å sitje på dagar som er litt "ruskete", då vi har tak over hodet, terrasevarmer og rikeleg med lys. Hagemøblane mala eg i fjor sommar i antikkhvit. Vart veldig fornøgd med dei.
Oppussing er etterkvart blitt ein av hobbyane mine. Ifølge min mann er eg meir oppteken av oppussing enn quilting. Hmmmm, betenkeleg...... Vi bur i eit burettslag, og der vart alle ytterdørene skifta tidleg denne månaden. Det førte selvfølgelig til at eg berre "måtte" skifte tapet på veggane og male om + skifte det lyse gulvbelegget som hadde irritert meg lenge. Taket vart også malt eit strøk for å få det kvitare, og alt listverket vart skifta ut med ferdigmalt kvitt. Har brukt glassfiberstrie som er heilt slett på veggane for å armere. Synest det vart kjempefint.
Driv også og pusser opp nokre gamle møbler som eg skal bruke til utemøbler på hytta. Her er utgangspunktet (etter at eg hadde fjerna gammal olje/lakk med malingsfjernar).
Og her er resultatet så langt. Har lagt på to strøk med farge etter grunninga, men skal ha eit tredje strøk sidan møblane skal stå ute, slik at det er litt maling å slite på. På biletet ser fargen lyseblå ut, men den er egentleg lys turkis.

3 kommentarer:

Inger Lise in Norway sa...

Så herlig å høre at det er andre som elsker oppussing. Jeg holder på med soverommet vårt. Det tartid da jeg har fått leddgikt. Men det får ta den tid det trenger. Gleder meg i allefall til resultatet er klart. Stolene dine ble kjempe fine og gulvbelgget i gangen ser flott ut.

Anonym sa...

Heisann. Litt seint ute med å ønske deg god helg (grunnen ser du i bloggen min), men ønsker deg ei fortsatt fin helg. Her skinner sola, og eg sitter og koser meg med strikketøyet i solveggen :)
Klem fra Ronille

Timotei sa...

Så fine stoffer du har valgt til sngeteppet! Kommer til å bli kjempefint! Ser at du driver og pusser opp også. Måtte straks vise bildet av gangen din til mannen min, for sånt gulvbelegg som ser ut som skiferstein har jeg også lyst på til gangen vår. Han likte det kjempegodt, så da spørs det om det ikke blir litt oppussing i gangen vår også! Det behøves!
De hvite hagemøblene dine var også så fine! Koselig uteplass!