fredag 21. mars 2008

TID TIL OVERS ...........

Idag var vi tidleg oppe, for vi hadde tenkt oss på Harpefossen og gå på ski, for deretter å dra på kaffibesøk hos mine foreldre. Men, slik gjekk det ikkje! Midt under frokosten ringde telefonen. To hjortar var blitt påkøyrde i dag tidleg eit stykke herifrå. Så hjorteekvipasjen her i huset (mann og hund), pakka sakene i ein fart, og drog avgårde. Får håpe dei kjem heim om ikkje så altfor lenge, slik at vi iallefall rekk kaffibesøket!
.......................Så no sit eg her då, og surfer på nettet, sidan eg fekk tid til overs!!...............
Har fått gjort ferdig løparen min. Vart veldig fornøgd med både fargane og mønsteret!

Har planlagt eit nytt prosjekt. Det skal bli eit sengeteppe til ei enkeltseng. Kvadrata skal skjærast 5*5cm, så det blir nok ein del arbeid på det. Får sjå kor tid eg begynner. Stoffa er iallefall klare, når arbeidslysta dukkar opp.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Nydelig løpar,fargane dine likte eg godt.Fortsatt god påske!

Two sa...

Kjekt å få sjå det du styrer med. Løparen vart veldig fin, litt utanom vanlege fargar,men dette er fargar som eg også likar. Kjempejobb du har planlagt.....men du får det nok til. God påske vidare,....det er sikkert fint på Harpefossen i dag òg, men laaaange køar visstnok!

Anonym sa...

Kjempe fin løper du har sydd. Eg sitter bare å surfar på nettet i dag, arbeidslysta mi har forsvunne... Pinnekjøttet står og putrer på ovnen og eg og ungane skal ha oss et deilig måltid i kveld.
Ha en fortsatt fin Påskeaften :)
Klem far Ronille

Anonym sa...

Heisann. Titter innom for å ønske deg ei god helg :)
Klem fra Ronille

Blåbærtua sa...

Så spennende teppe! Håper du snart får lyst til å ta fatt på syingen! Fortsatt god helg!