torsdag 27. september 2007

Eg er også blitt TAGGA

Eg er blitt tagga av Tiril-sol og Strikkemor(o). Det var kjempekoseleg. Tusen takk for at dokke tenkte på meg, eg tek utfordringa om å skrive sju punkt om meg sjølv på strak arm. Reglane seier at eg også skal utfordre 7 andre bloggarar. Dette let eg være, då eg trur at dei fleste bloggarane eg besøkjer på nettet, allereie er blitt tagga.

Her kjem dei sju punkt om meg sjølv:
  1. Liker veldig godt å pusse opp. Maling er kjempegøy. Men har ein mann som bremsar meg, og seier når nok er nok.
  2. Er veldig tolmodig og arbeidsam i jobbsamanheng. Ikkje fullt så tolmodig på heimefronten.
  3. Har bestilt ferietur til Praha 30. oktober saman med ei dame eg knapt kjenner.
  4. Er utdanna som pedagogisk barnepleier, men jobbar no i ein butikk som fører maling, jernvare og interiørartikler. (Har tidlegare jobba 10 år i barnehage, både som assistent, avdelingsleiar og vikar for styrar)
  5. Har alltid minst 10 UFO-ar liggande. Litt strikk, litt broderi og masse lappeteknikk/applikasjon.
  6. Er aktiv i organisasjonssamanheng. Har ei rekke styreverv i ulike lag og organisasjonar.
  7. At eg er veldig pirkete er vel noko dei fleste veit. At det til tider er eit problem for både meg og andre er vel heller ukjent. Det andre gjer er alltid flott, men mine arbeid er eg dessverre aldri heilt fornøgd med.

onsdag 26. september 2007

Skulle berre male........

ein vegg. Har tenkt lenge at denne veggen skulle malast i samme farge som resten av spisekroken. I helga heiv eg meg rundt og begynte. Kvistlakka, grunna, sparkla og malte. Ikkje akkurat den "hottaste" fargen akkurat no, men det var denne eg ville ha. Når veggen vart mala, så trengde også gullrammene litt fornying. Mørkebrun quicklakk gjorde susen. Lystrauet var tidlegare grønt, no vart det brunbeisa, med svart resultat. Tykte det vart riktig koseleg eg! No sit eg her og ser meg rundt etter nye oppussingsprosjekt. Skal tru om ikkje telefonbenken skal bli svartmala??? Trur kanskje det hadde vore stilig. Først skal eg no beise kledninga til hytta. Imorgon har eg fri, og mamma og pappa kjem på besøk for å hjelpe meg.
Hytta skal bli lysegrå med kvite vindauge og blågrønn ytterdør. Høyrest ikkje det flott ut???

søndag 16. september 2007

Beste helga på lenge !

Denne helga har eg hatt fri ifrå jobb, har ikkje vore på hyttetomta, og har gitt blaffen i husarbeid. Har stort sett oppholdt meg på syrommet eller i godstolen heile helga. I beg. av september var eg på quiltekurs her i Svelgen. På det kurset fekk vi i "lekse" å sy fronten til ein quiltebag. Har sydd og sydd og sydd. No er fronten ferdig, og eg er klar til vidare kurs.

Det vart veldig mykje brodering, så innimellom symaskinduren måtte eg ty til eit strikketøy. Har strikka fire oppvaskfiller iløpet av helga.

søndag 9. september 2007

Hyttetoppdatering

Det går heldigvis framover på hyttefronten. Altfor sakte etter mi meining, men det er no slik det er. Mykje som skal klaffe med rørlegger, betongbil, fri frå jobb etc. Men, vi fekk no støypt plata på fredag, i eit forferdelig regnvær. No gjenstår det riving av forskaling + litt småplukk før snekkarane kan komme.

Kurs i Japansk fletteteknikk

Var på kurs i Japansk Fletteteknikk forrige helg. Det var kjempekjekt. Dette kjem eg til å gjere meir av, kanskje med dei smalaste banda på 5mm. Får no først montere dei to flettearbeida eg har laga. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke dei til ennå, kanskje ei toalettveske av det grønne?