søndag 14. oktober 2007

Engleteppe, DJ og litt til...............

Jammen går tida fort. Så alt for fort! Ser at eg ikkje har oppdatert bloggen på nokre veker. Har hatt ei travel periode med mykje overtidsjobbing, 50 års-selskap, og gravferd til mi kjære Mor-mor. Ho døde den 2.oktober 95 år gamal (ei utruleg kvikk og kjekk dame. Oppdatert på kva som skjedde i den politiske verden til siste stund.) Denne helga har vi hatt overnattingsgjester, og det var veldig kjekt.

No tenkte eg at eg skulle få meg eit par timar for meg sjølv her på syrommet, før eg skal lage middag. Vi bruker å ha sein middag på søndagane. Har kopiert nokre lydbøker inn på PC-en, så eg kan "lese" samtidig som eg syr. Akkurat no høyrer eg på Brudd av Karin Fossum, og syr på eit engleteppe som skal være gevinst på basaren til Svelgen og omegn Husflidslag.

Ellers har eg fått sydd to DJ-blokker til fellesarbeidet til Nordfjord Lappe-og Quilteklubb. Den eine måtte eg sy omatt, då den første eg laga hadde veldig knappe saumrom. Godt å være ferdig med det ein har lovd. Reiknar med eg får tildelt ei ny blokk på neste møte.

2 kommentarer:

TIRIL SOL sa...

Det var leit å høyre om di kjære mor-mor, men du er heldig som har fått hatt henne så lenge.
Ellers var det flotte blokker du har sydd, nydelig blåfarge.

Elin sa...

Ja, eg må få kondolere med mormor! Elles så har du sydd fine blokker, synest eg. Og du har lyst på eit større prosjekt? Det går godt an å begynne i det små! Er ikkje Jane Austen-teppet fint, vel? Elles så er det Civil War-kvilten eg har lyst på pluss Dear Jane og.......her er mykje å velje mellom.