fredag 10. februar 2012

Skatter frå restekassen

Var på kurs i regi av NLQ for to veker sidan. Kursholder var Nancy Eriksen, og kurset heitte skatter frå restekassen. Eit veldig trivelig kurs. Kjempespennande å setje saman alt mulig av farger og mønster, og likevel få så flotte tepper. Enkle blokker, men utrulig effektfulle.
 Denne blokka heiter "jewel-blokk", og kan syast med både mørkt og lyst stoff for å binde saman dei mønstrete. Alle kursdeltakarane sydde fire blokker på kvar iløpet av fredagskvelden, og vips vart det eit ganske så stort teppe.
Denne blokka heiter "dobbel 4-er blokk". Ei utrulig enkel og effektfull blokk. Vi gjorde det på same måten her. Sydde fire blokker på kvar, og vips så hadde vi eit heilt teppe. Var artig å sjå at resultatet kunne bli så bra, sjølv om vi sette saman blokker ifrå 15 kursdeltakarar.
 Nancy hadde med seg mange flotte modeller. Dette er to av dei. Desse er sydde av samme blokka, men på det raude teppet har ho felt inn hjørneblokker i ramma rundt. Plasseringa av fargane gjer også til at teppene blir totalt ulike.
Mitt resultat etter helgas innsats. Veit ikkje heilt kva det skal bli ennå, kanskje ein duk til hagebordet på hytta?  Må i såfall sy veldig mange fleire blokker......

2 kommentarer:

Elin sa...

Dette ser ut til å ha vore eit veldig kjekt kurs. Eg er spesielt svar for den doble firerblokka! Kjekt at du bloggar igjen.

Oline sa...

Ja dette kurset anbefales!! Velkommen tilbake med innlegg, har sakna innlegg av medlemmane i klubben!