tirsdag 25. november 2008
JULEBAKST
søndag 23. november 2008
STITCHERY
På mai-møtet i Nordfjord lappe- og quilteklubb hadde vi stitchery som tema. Alle som ville delta, fekk kjøpe ein materialpakke til denne "brødkorga". Eg begynte så vidt, og så vart det pakka vekk når eg kom heim (slik det stort sett alltid blir.....) Hadde ei lita opprydning i skuffa med påbegynte/planlagde prosjekt igår ettermiddag, og der dukka "brødkorga" fram. Huskar vi fekk utlevert blå tråd nok til heile stitcheryet, men den var borte vekk. Leita fram lysebrun tråd til brøda, og sette igang. Var koseleg arbeid å sitje med foran Tv-en ein laurdagskveld.
Er motivert for å fullføre det, no når eg først har teke det fram. Det kan jo bli ei fin brikke til serveringsbrettet eller brødkorga. Berre sjå kor flotte Halldis og Juliann sine blei.
onsdag 19. november 2008
ADVENTSTID
Ja,ja, så gjekk planen min om å være flinkare å oppdatere bloggen til hausten, rett i vasken. Forrige innlegg var datert 5. oktober, nesten 7 veker sidan, verre enn nokon gong. Her må det omprioriteringer til, i ein travel kvardag...., om bloggen skal prioriterast.
Har fått sydd ein del i det siste. Toppen til dette teppet, er no ferdig samansydd. Legg ut bilete når eg har fått quilta det. Kvir meg til den jobben, har ikkje trening i å quilte store tepper........
Idag har eg vaska stova, og då meiner eg verkeleg vaska. Tak, vegger, møbler, duker, tepper. No luktar det reint og godt. Sidan det ikkje er så veldig lenge til advent, tok eg likeså godt fram både lilla puter, duker og lys. Så no sit eg her i godstolen med tente lys, og nyt lukta av såpe....

ØNSKJER ALLE EI RIKTIG FIN ADVENTSTID !!!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)