søndag 21. desember 2008

Det raude soverommet

Tenkte eg skulle vise nokre bilete ifrå soverommet mitt, som vi pussa opp for snart to år sidan. Er kjempefornøgd med tapetane vi valgte, ein gråbeige med litt blankt strukturmønster på tre veggar, og ein offwhite med mønster i gråbeige på ein vegg.Kan vel ikkje kalle det julepynta soverom, men eg har iallefall nokre raude detaljer hengande der.
Veska og støvlettane kjøpte eg i Praha i fjor haust.

Årstidsteppene sydde eg på eit helgakurs med Lillian Nygård i Svelgen for ein del år sidan. Dette er mitt sommarbilete, med innslag av rosa/lilla/gult og lime.

Sidan jula nærmar seg med stormskritt, tok eg på dei knallraude satengsengekleda.


1 kommentar:

TIRIL SOL sa...

Titter innom soverommet ditt og ønsker deg og dine ei fin jul:-)))