søndag 13. september 2015

Handarbeidshelg


Fekk gjort ferdig ein hals i halvpatent i dag.
Hekla ein blomst for å skjule litt "smårusk"

 
Denne bunadslommen til ein barnebunad vart ferdig i går.
Første gang eg har prøvd meg på slikt broderi - nesten fornøgd ;-)

torsdag 7. november 2013

"Englepynt"

Åjåjåjåjåjj........Kvar gang eg lagar innlegg på bloggen min, ser eg at det er kjempelenge sidan,
 og tenkjer at no skal eg skjerpe meg ;-) Men, tida og energien tilseier dessverre noko anna.
I august var eg i 50-års dag til ei venninne. Sidan gava ikkje var klar til den store dagen,
 fekk ho eit gavekort med bilete, og lovnad om ferdig produkt i god tid før advent.
Den siste veka har eg jobba iherdig, og no er løparen "Englepynt" klar til levering.
 
 



Skulle no igrunn vore fotografert med snø som bakgrunn,
men her er plenen grøn og fin til tross for 7. november :-)
 
HA EI FIN HELG FOLKENS, OG SÅ ER EG PLUTSELIG TILBAKE ;-)

torsdag 14. juni 2012

Mitt siste syprosjekt

Fekk i oppdrag av ei bestemor å sy vognteppe til tvillingbabyar. Teppet skulle være stort nok til å rekke over begge to i vogna. Det var ønskjeleg med svarte/grå stoff, og eit koselig broderi øverst. Mønsteret til broderiet fann eg på nettet ved å søkje på: coloring pages for kids
Har fått tilbakemelding om at mottakaren vart veldig fornøgd.
Kjekt å sy til andre, når arbeidet blir verdsatt :-)

søndag 13. mai 2012

Fiks ferdig......

Då var endeleg Eventyrteppet heilt ferdig. Det tok si tid å sy lukkekant og lage oppheng....
No er eg klar for nye prosjekt. Burde selvfølgelig plukke fram ein av dei mange ufo'ane som eg har liggande, men det trur eg får være til ein annan gong.

lørdag 10. mars 2012

Eventyrteppet snart ferdig

Dette kom i posten igår frå Meretes Quilteloft 
Eg er kjempefornøgd med resultatet.
No gjenstår det å lage oppheng og lukkekant.

Bad ho om å quilte litt inne i sjølve broderia også, då eg
synest at originalteppet til AnnaKa "ploppa" litt vel mykje ut. 
Og som det står: snipp, snapp, snute, snart er dette eventyret ute :-)