Åjåjåjåjåjj........Kvar gang eg lagar innlegg på bloggen min, ser eg at det er kjempelenge sidan,
og tenkjer at no skal eg skjerpe meg ;-) Men, tida og energien tilseier dessverre noko anna.
I august var eg i 50-års dag til ei venninne. Sidan gava ikkje var klar til den store dagen,
fekk ho eit gavekort med bilete, og lovnad om ferdig produkt i god tid før advent.
Den siste veka har eg jobba iherdig, og no er løparen "Englepynt" klar til levering.
Skulle no igrunn vore fotografert med snø som bakgrunn,
men her er plenen grøn og fin til tross for 7. november :-)
HA EI FIN HELG FOLKENS, OG SÅ ER EG PLUTSELIG TILBAKE ;-)