Den siste veka har det vore mykje regnvær. Mann, sønn og hund er på ferietur. Eg er heime åleine då eg jobbar denne veka også. Frysaren var tom , så eg har baka fleire kveldar i strekk for å fylle opp med gjærbakst. Godt å ha på lur når ferien startar. Reknar med at vi får ein del besøk på hytta framover. I tillegg til det som viser her, har eg baka 9 grovbrød , 50 vaniljesnurrer og 60 muslirundstykker. Skulle tru at dette held ei stund ????
De er hjerteleg velkomne til ein smak!

Innimellom deiglaging, heving og utbaking, les eg krim. Ikkje ofte eg tek meg tid til å lese bøker lenger, men når eg gjer det, så les eg krim. Desse bøkene kan anbefalast på det sterkaste. Lettlesne og spennane ifrå første til siste side. Har bestilt to bøker til av samme forfatter, så her blir det meir lesing framover om regnværet fortset. Eg kosar meg sjølv om det regnar eg........
Og så har eg sydd nokre sekskantar. Mallemor og Halldis er også ferdige med sine. Tidlegare i sommar arrangerte eg blåtur for Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. På turen fekk alle deltakarane velge seg to gaver. Desse gavene inneheldt materiell til å sy to store og to små sekskantblomster. Iløpet av neste vinter er det planen at eg skal montere alle blomstrane til eit eller to tepper som skal loddast ut ved eit seinare høve.
Spørs om eg har teke meg vatn over hovudet, men det vil no tida vise......