onsdag 25. februar 2009

MEIR NÅLEPUTE

Måtte sy ei nålepute til, medan eg var i farta. Var kjekk å sy. Denne skal eg ha på hytta.

tirsdag 24. februar 2009

Nålepute og dukkegenser

Har sydd ferdig nåleputa, som var tema på februarmøtet i Nordfjord lappe- og quilteklubb.

Dukkegensaren i "glittertråd" er også blitt ferdig.

lørdag 21. februar 2009

DUKKEGENSER

Har sydd ein rosa dukkegenser.....................
................................med knapping bak.
Skulle igrunn være borrelås i åpningen bak. I mangel på dette, laga eg knapphull og sydde i knappar, for å bli ferdig. Vart litt rart!! Ser meir ut som ei jakke, med utringinga på feil side......

onsdag 18. februar 2009

Brødbaking og strikketøy

Må no vise fram at eg gjer litt nytte for meg, sjølv om eg går sjukmeld med gipsa fot. Manøvrerande rundt på kjøkkenet på ein kontorstol, fekk eg på mandag baka heile 9 brød. Får tru det held eit par veker..........
Ellers har eg fått mange koselege helsingar både i bloggen og på mail. Tusen takk for det! Mallemor tipsa meg om at no kunne eg hive meg på strikkebølgen som florerer. Det har eg gjort. Har faktisk strikka sokkar til meg sjølv! Trur det er tredje sokkeparet eg har strikka i heile mitt liv, så det vart ein del forsøk (oppattrekkingar), før hælen vart slik den skulle...........

No idag har eg starta på nytt strikketøy. Skal strikke ein dukkegensar som skal bli gevinst på Husflidslaget sin basar til hausten. Garnet eg strikkar med, kjøpte eg i Praha hausten 2007. Det er eit tynt akrylgarn med glittertrådar i gull og turkis. Lekkert.......

torsdag 12. februar 2009

Gipsa fot...

Slik er stoda no.............. Tjukk,tung, gammaldags gips opp til kne på venstre fot. Kom heim frå sjukehuset igår. Operasjonen gjekk fint, men har ein del smerter foreløpig. Så idag har eg opphelde meg framfor TV-en med datamaskina i fanget.
Litt utpå dagen igår, fekk eg besøk av ei som jobbar i butikken med meg. Ho hadde med seg denne kjempeflotte korga, fylt til randen av frukt og godsaker. Tusen takk!!!