Eg har sydd meg ei ny veske, "Mathilde´s sommerveske". På junimøtet i lappeklubben fekk eg ein del kommentarar om bæreposen eg brukte til veske. No skal det bli slutt på, eg lovar. Veska vart riktig søt og sommerlig, og for å framheve det enda meir, monterte eg rosestitchery der eg sydde på trykknappane. Likte mønsteret veldig godt, passeleg stor og god fasong.
Framsida av veska
Baksida av veska
søndag 27. september 2009
tirsdag 8. september 2009
STUDENTLIV
Nokon som synes det er stille her på bloggen? Ja, ja. Dokke har vel kanskje ikkje rukke å reagere ennå, her har jo aldri vore så veldig høg aktivitet. Men, uansett. Her er grunnen. EG ER BLITT STUDENT. Iløpet av det kommande året skal eg studere fire fag på bedriftsøkonomistudiet, totalt 30 studiepoeng. Dette skal foregå på nettet, ved sida av å være i full jobb, så eg får nok å henge fingrane i/bryne hovudet på framover.
Abonner på:
Innlegg (Atom)