søndag 25. januar 2009

Har gjort litt handarbeid i det siste...

Den siste månaden har vore svært travel, med varetelling, årsoppgjer, ferdigstilling av hytte og delvis sjukmelding. Fredag var eg på Lillestrøm på Gave- og interiørmesse i samband med jobben. No er eg nokså ajour, har ikkje noko spesielt på tapeten før den 10. februar, då skal eg ta ein operasjon som fører til nokre månader sjukmelding. Så denne helga har eg rett og slett vore heime og kosa meg med handarbeid.Er begynt å strikke eit skjerf som skal være bursdagsgave . Tjukk tråd og pinner nr 8, så det går raskt å strikke.
Er ferdig med stitcheriet av brødkorga som vi fekk på eit medlemsmøte i vår. Som de ser, skal dette bli eit bakeklede, som eg tenkte å ha sjølv.

Ellers har eg fått "limt" sengeteppet, og driv og tråklar det. Sidan eg har lite erfaring med å quilte slike store tepper, og dette er planen skal quiltast ganske masse, så har eg valgt å tråkle det godt. Tråkling er eit tidkrevande og kjedeleg arbeid, men håper at eg har igjen for det.