tirsdag 23. desember 2008

søndag 21. desember 2008

Det raude soverommet

Tenkte eg skulle vise nokre bilete ifrå soverommet mitt, som vi pussa opp for snart to år sidan. Er kjempefornøgd med tapetane vi valgte, ein gråbeige med litt blankt strukturmønster på tre veggar, og ein offwhite med mønster i gråbeige på ein vegg.Kan vel ikkje kalle det julepynta soverom, men eg har iallefall nokre raude detaljer hengande der.
Veska og støvlettane kjøpte eg i Praha i fjor haust.

Årstidsteppene sydde eg på eit helgakurs med Lillian Nygård i Svelgen for ein del år sidan. Dette er mitt sommarbilete, med innslag av rosa/lilla/gult og lime.

Sidan jula nærmar seg med stormskritt, tok eg på dei knallraude satengsengekleda.


Bordpynt julebord

Laurdag 13. desember arrangerte eg julebord for dei ansatte i Ytrehus Sag AS.
Slik vart bordpynten denne gangen.

torsdag 4. desember 2008

Lefsebaking

Idag har eg og ei venninne baka lefser til jul. Det er første gangen eg prøver meg på lefsebaking på eiga hand. Har vore med å kjevla eit par gonger tidlegare, og sett på korleis mamma har gjort det. I og med at eg har ei mor som baker lefser for salg, har ikkje behovet vore tilstades for at eg skulle bake sjølv. Fann imidlertid ut at det hadde no vore kjekt å kunne det, for ëg kan jo ikkje basere meg på ho mor for alltid.
Ein ting er iallefall sikkert, dette blir gjort igjen til neste jul. Det gjekk jo rett og slett strålande. Vi hadde det kjempekjekt, lefsene vart stort sett runde og fine, og ikkje minst så vart dei gode.....
ER KJEMPEFORNØGD MED MEG SJØLV !!!

TESTING AV JULEBORDSMENY

Laurdag 13. desember skal eg arrangere "julebord" for dei ansatte i Ytrehus Sag AS med følge. Søndag testa eg den treretters menyen eg har planer om å servere. Forrett: Rekesalsa
Hovudrett: Bacalao

Dessert: Tilslørte julekaker
Alle rettane var veldig gode, men det vart for mektig med "Tilslørte julekaker" til slutt, så det blir nok litt endring i menyen.



onsdag 3. desember 2008

Kanelstenger

Har fått nokre mailar med spørsmål om oppskrifta på kanelstengene. Her kjem den, enkel og rask å lage, og nydelig god...

200 gr margarin
200 gr brunt sukker
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gr kveitemjøl

eggekviter til pensling
perlesukker
hakka mandler

Rør margarin og sukker skummende. Tilsett de øvrige ingrediensene og rør deigen sammen. Del deigen i 6 emner som trilles til pølser som legges på plate og trykkes flate. Lengdene pensles med eggekviter, og drysses med perlesukker og hakka mandler. Steikast på midterste rille ved 175 grader i 14 minutt.

Skjær lengdene på skrå mens de er varme. Velbekomne....