søndag 22. juni 2008

OPPDATERING PÅ SENGETEPPET

Har sydd litt på sengeteppet den siste veka. Er omtrent ferdig med ein tredjedel av trekantblokkene. Det går sakte, men sikkert framover.
Midtblokkene til stjernene er eg klar med. Totalt 24 stk 16-patch-blokker. Desse skal då få trekantblokker og lyse kvadrat rundt seg, så dei blir utsjåande som ei slags stjerne. Mønster til teppet kan dokke sjå i tidlegare innlegg.

BURSDAGSGAVE


No er det 2 veker sidan eg hadde bursdag. Av min mann fekk eg eit kort i bursdagsgave, der det stod at eg skulle få ein quiltelinjal og nokre stoffbitar i bursdagsgave.
Var i Florø ein tur i går, og der vart stoffa innkjøpte på min manns rekning............ Herlig.........
Har ingen spesifikke planar, tykte berre dei var lekre saman. Kanskje nokre nye sofaputer på tv-stua??

FISKETUR I MAGNHILDSKARET

Idag benytta vi opphaldsveret, og tok oss ein fjelltur opp til nokre fiskevatn i Magnhildskaret. Her er vi på veg oppover berget ifrå tunnellen.
Wilma låg fint og kosa seg i lyngen, medan vi fiska. Ho følgde nøye med om fisken beit.
Og ja........fisken beit faktisk ganske villig.
Iløpet av den første halvtimen fekk vi desse to flotte fiskane. Det vart 7 fisker totalt.


søndag 8. juni 2008

HYTTEOPPDATERING

Endelig var snekkarane på plass igjen, og har fått montert dei siste vindua i stova. Vi vart veldig fornøgde! Torvtaket er begynt å gro, om enn litt ujamnt ennå. Regnet som er meldt denne veka vil nok komme godt med.Utsikta ifrå stoveglasa blir flott. Var litt overskya i havgapet denne dagen, men i klarver er det betre. Ser no at furua framme på kanten, må ofrast. Den står jo midt i "glaninga".