fredag 21. mars 2008

TID TIL OVERS ...........

Idag var vi tidleg oppe, for vi hadde tenkt oss på Harpefossen og gå på ski, for deretter å dra på kaffibesøk hos mine foreldre. Men, slik gjekk det ikkje! Midt under frokosten ringde telefonen. To hjortar var blitt påkøyrde i dag tidleg eit stykke herifrå. Så hjorteekvipasjen her i huset (mann og hund), pakka sakene i ein fart, og drog avgårde. Får håpe dei kjem heim om ikkje så altfor lenge, slik at vi iallefall rekk kaffibesøket!
.......................Så no sit eg her då, og surfer på nettet, sidan eg fekk tid til overs!!...............
Har fått gjort ferdig løparen min. Vart veldig fornøgd med både fargane og mønsteret!

Har planlagt eit nytt prosjekt. Det skal bli eit sengeteppe til ei enkeltseng. Kvadrata skal skjærast 5*5cm, så det blir nok ein del arbeid på det. Får sjå kor tid eg begynner. Stoffa er iallefall klare, når arbeidslysta dukkar opp.

søndag 16. mars 2008

GOD PÅSKE !

Ønskjer alle som kikker innom bloggen, ei riktig god påske. Eg skal jobbe mandag, tysdag, onsdag og laurdag, men helgedagane har eg fri. Skal bli herlig med nokre fridagar. Håper sola tittar fram, såg eg får spenne på meg skia ein liten tur. Idag slappar eg av med strikketøy. Det går sakte men sikkert framover på sjalet mitt.
Gryteklut laga til påska i 1998. Meget pent brukt!