torsdag 21. februar 2008

Eg syr................

I helga som var, begynte eg på denne løparen. Tok utgangspunkt i eit petrolblått silkestoff som eg kjøpte hos Primula sist det var møte i lappeklubben. Eg berre "måtte" ha det, då det var eit stoff frå det fargespekteret eg likar aller best. Veldig kjekt å sy, når ein kan boltre seg i slike flotte fargar. Må innrømme at eg har tenkt på hytta når desse fargane vart tekne ut!!!
Fekk for lite brun lin til kantane, så må nok kjøpe ein løpar til i butikken imåra, og skjære sund. Når ein ikkje har stoffbutikk i nærleiken, får ein bruke det ein får tak i. Så i dette tilfellet vart det då to brune linløparar til kant.

Tenkte eg skulle quilte løparen med ein fleirfarga turkis/blå/petrol tråd. Trur det kan gjere seg, spesielt på den brune ramma, for å mjuke ho litt opp. Skal prøve å ta meg hardt saman, og gjere løparen heilt ferdig!!!
Legg ut eit bilete til, for å vise heile. Den blir ca. 45*140 cm ferdig. Stor og god til spisebordet.

fredag 8. februar 2008

Jotun Fagskule

For dei som lurer på kva eg har styrt med i det siste, så har eg vore to veker på jobbkurs i Sandefjord. Kom heim forrige helg. Denne veka har det stort sett vore jobbing, både på dagtid og kveldstid. Papirhaugen på kontoret var uhyggeleg høg etter desse to vekene. Merkeleg at ingen andre har teke den jobben!! Var både fakturering, bestillinger, vareregistrering, månedsavslutning og priskontroll å ta igjen. SUKK!!! No er eg lei av å jobbe, eg vil sy!!! Må berre bli ferdig med prosjektet Jotun Fagskule først.
Det vart ein tjukk perm å dra på heim ifrå Sandefjord. Omtrent 500 sider med trykk på begge sider. Utruleg kva som er å lære om malingsfaget!! Og ennå er eg langt ifrå utlært!!!!!!Mykje teori å gå igjennom på kort tid, så no set eg og finles, og jobber med alle oppgåvene vi ikkje rakk å gå igjennom på kurset. Tilslutt skal eg då besvare to eksamensoppgaver (med totalt 250 spørsmål), der eg må ha minimum 90% riktig for å få bestått, og motta kursbevis. Iløpet av kommande veke må eg være ferdig med besvarelsen, så syinga må nok vente ennå ei stund dessverre.!!
Håper og trur at eg kjem sterkt tilbake med spennande syprosjekt.