søndag 28. september 2008

Motorsykkelsertifikat

Sønnen min på 16 år tok sertifikat på lett motorsykkel onsdag 24. september.
Lykke til, og køyr forsiktig !!!!

Soveromsdekor på hytta

Idag har eg dekorert fondveggen på soverommet mitt (og min mann´s) på hytta. Fargane vart litt feil i blitzlampa. Fondveggen er egentleg brun (fargen heiter gren), og dei andre veggane + dekoren kremfarga (fargen heiter claro). Vart ganske så fornøgd med resultatet......

søndag 21. september 2008

Ei super helg............

Denne helga har vore heilt super. Avspaserte fredag, og hadde fri laurdag. Har fått beisa taklistene til hytta to strøk, slappa av, rydda og styra litt i huset, og sist men ikkje minst, sydd litt. Det går sakte men sikkert framover med sengeteppet. Trur eg kjem til å bli fornøgd med dette, når det ein gong vert ferdig..... Har også fått jobba ein del med veggteppet eg begynte på i fjor haust, som skulle være gevinst til Husflidslaget sin basar i november. Sjå oppstarten på veggteppet her. No skal Husflidslaget ha ny basar den 15. november, så eg tok meg saman og begynte på igjen. Har fått sydd saman heile teppet, og er begynt å sy på ansikt.
Nærbilete av ein av englane. Mangler hår og glorie ennå. Tenkte å quilte teppet med bølger i gulltråd om eg får det til. Symaskina mi likar ikkje metalltråd, men eg satsar på at det går greitt med så korte saumar.
Ellers har eg strikke ein del Ronilleklutar iløpet av sommaren. OK å ha i hendene når ein benker seg foran TV-en, og så er dei så utruleg gode å tørke med. Trur det skal bli nokre slike i julegåver iår til dei som har alt frå før............

onsdag 10. september 2008

Barndomsheimen til farmor

Garden til venstre i biletet heiter Inigard på Myklebust i Oldedalen. Der voks mi farmor opp isaman med 4 andre søsken. Den eine broren døydde ung, medan dei tre andre søskena (ein bror og to søstre) dreiv gardsbruket i Oldedalen med melkeproduksjon, geiter og hestar. Far min overtok garden i 1972, så mine barndoms somrar bestod av slåttonner, først i Ervik (der eg voks opp), så i Oldedalen, og så på han igjen med hoslåtten. Men det gjorde meg ingenting, for eg stortreivst der inne saman med "gamletantene" som framleis levde.
Dette huset voks mi farmor opp i. Huset var i dagleg bruk fram til 1969 utan innlagt vatn. Her er det stove, kjøkken og hems. Dei var ikkje kravstore den gongen.
Stova i dette huset er ifrå 1824. Så er den blitt påbygd med soverom i fleire omganger etterkvart som behova endra seg. Tilslutt vart det eit heilt hus av alle påbyggingane. Dette huset vart brukt til kårstove for mine oldeforeldre. Når vi var i Oldedalen for å slå om somrane, budde vi i dette huset. Vi låg faktisk på halmmadrasser i gamle antikke senger (og det på 70-tallet). Eg har mange gode minner ifrå denne plassen...................................
Dessverre vart vi nøydde å selge gardsbruket for 2 år sidan. Min far makta ikkje lenger å vedlikehalde alle bygningane, og syte for at jorda vart stelt. Eg hadde odel på gardsbruket, men etter mange våkne netter, valgte eg å skrive frå meg denne retten, då det var urealistisk å flytte dit for å overta (bu-og driveplikt + mange gamle bygg å vedlikehalde).

Før dei nye eigarane overtok garden, var eg innover med lastebil og sikra meg nokre gamle møbler. Blandt anna denne kommoden. Ganske så oppeten av mått, men nydelig.
Denne gamle sjeselongen fekk eg også sikra meg. Desse to møblane + fleire, har eg levert til ein møbelsnikkar her i Svelgen, som driv med restaurering. Sjeselongen skal han skifte fjørene i, og trekke opp igjen. Var nedom og såg på framdrifta i går, og det viser seg at under trekket er det eit nydelig treverk, brunbeisa med utskjeringar. Truleg er ikkje trekket på biletet det originale. No er det store spørsmålet, kva slags stoff skal eg velge? Gobelin, velur, ensfarga ????? Nokon som har tips å komme med? Det er forresten bror til bestemor (han som døde ung), som har laga desse møblane, og det gjer det jo ekstra kjekt at dei no er mine.


Marengskake med blåbær.........

Endeleg fekk eg lagt ut bilete av kaka eg laga til min sønn sin 16-års dag. Kaka falt i smak både blandt store og små, så kakefatet var tomt når gjestane drog heim om kvelden.