søndag 13. januar 2008
Søndagsarbeid
Idag har eg beisa panel til taka i hytta mi. Fekk beisa 23 m2 forrige helg, og 15 m2 denne helga, så det går framover. Skal ha ca 100 m2 tilsaman, så dette kjem til å ta tid. Eg brukar ein kvit panellakk som er tilsett ekstra kvitt, etter eiga resept. To strøk må til for å oppnå kvitast mogleg resultat, og for å motvirke gulning. Resultatet blir veldig bra. Eg er iallefall fornøgd, og det er no tross alt det viktigaste!!!
Når eg kom heim ifrå beiseprosjektet, fekk eg nokre timar på syrommet. Vart som vanleg sittande og studere alle dei flotte bloggane rundt omkring, før eg tok meg hardt saman og byrja på to bilete som eg har tenkt lenge at eg ville sy. Dette er eit AnnaKa-mønster ifrå 2005. Rakk ikkje meir enn å klippe ut delane og stryke dei fast idag. Får sjå om energien vedvarer imorgon etter arbeidstid, så eg får begynne å sy applikasjonane. Skal til Sandefjord på kurs i to veker (reiser neste søndag), så hadde vore greitt å ha med nokre lukkekanter å sy.
No ikveld har eg laga heimelaga pizza. Mann, barn og hund har vore i Ålfotdalen på ski. Det vart glede i heimen når mor hadde laga middag (sidan mannen i huset sluttar på jobb kl 15 og eg kl 1630, er middagslaging far si oppgåve). Prøver å ta igjen dette i helgane, ved å lage litt "skikkelig" heimelaga middager. Pizzaen smakte fortreffelig!
Strikking
Har vore utan symaskin sidan tre veker før jul, så den siste tida har eg strikka litt. Er ikkje så veldig glad i å strikke pga problem med nakken, men litt no og då går an. Problemet er at eg startar på nye ting, utan å fullføre det eg held på med. Så medan symaskina har vore på reparasjon har eg begynt på tre ulike strikketøy. Jammen bra at symaskina no er komen tilbake til heimen sin.
Driv blandt anna og strikkar tøfler til ei eg er tante til, som snart har bursdag. Mønsteret blir kalla for Bosniatøfler, har fått låne det av ei venninne. Skal visst være eit liknande mønster i siste mønsterheftet i frå Sandnes-garn, var det nokon som fortalde meg. Desse tøflene er veldig kjekke å strikke. Eg strikkar av enkel sisu i dette paret. Skal strikke eit par til meg sjølv også, men då skal eg bruke dobbel sisu og pinnar nr 4.
Har også begynt på eit trekantsjal til meg sjølv, i brun og beige alpakkatråd. Brukar pinnar nr 3, så det blir tynt og mjukt. Trur dette vil bli mykje brukt til den mørkebrune jakka mi (om det blir ferdig ein gong).
Dette skal bli grytekluter. Dei skal strikkast så lange at ein kan brette dei dobbelt. Så skal det heklast ein kant rundt til slutt. Dei blir veldig tjukke og gode. Fant oppskrifta på ein blogg, men huskar desverre ikkje i farta kva for ein.
Abonner på:
Innlegg (Atom)