søndag 25. november 2007
Hytte
Har vore på hytta på synfaring idag. Der var det store endringar sidan sist. Dører og vindu var montert, taket var tett, og dei var komne langt med bordkledninga. Vi er veldig fornøgde så langt. Gledar meg vanvittig til vi skal begynne å innreie utpå nyåret ein gong. I spissen (der det no er kledd med plater) skal det også komme vindu. Desse måtte bestillast etter mål (etter at veggen vart bygd), så dei må vi vente litt på. Det beste med å være på hytta idag, var at sola??????? kikka fram ein halvtimes tid. Sjekk den blå himmelen!!!!!!
Toalettveske og DJ
Etter å ha sydd eit stort dongeriteppe i fjor vår, fekk eg mange småbitar til overs. Desse har eg brukt til ei lita toalettveske sydd i crazy-teknikk. Brukte beltestroppene til hemper i endane av glidelåsen. Vart veldig fornøgd med resultatet!!! Dette skal bli julegave til ein av tanteungane mine, så no er eg også endeleg i gang med julesjauen.
Har sydd mi tredje DJ-blokk til lappeklubben sitt fellesprosjekt. Denne har eg sydd med hand over papirmaler. Har eitt mønster til liggande og vente på meg, så det er berre å henge i.
søndag 4. november 2007
PRAHA
Vel heime etter ferietur til Praha. Har hatt fire supre dager i ein vakker by. Masse fint å sjå, billig og god mat, høflege og hjelpsame mennesker, sol og fint, mange flotte bygninger. Er full av gode minner, og er allereie begynt å planlegge neste veninnetur om to år!!

Portalen ved starten av Karlsbrua + ei av 30 statuer på Karlsbrua.
Abonner på:
Innlegg (Atom)