mandag 22. oktober 2007

DEN STORE BLAD-DAGEN.......

Når eg kom heim ifrå hyttetomta idag, låg det tre blad og venta på meg i posten. Quiltemagasinet, Norsk Husflid, og BoligPluss. Dagen idag må seiast å være perfekt!!!! Hytta er påbegynt, og no skal eg setje meg i sofakroken og kose meg med dagens post.

Quiltebag

Det går framover med quiltebagen. Hadde kurs denne helga, men sidan eg måtte på jobb laurdagen, vart eg ikkje ferdig. Har igjen å sy fôret, som det skal være masse lommer på.

ENDELEG OPPSTART...........


Etter mykje venting, att og fram, om og men, er vi no igang med hytta. Snekkarane starta idag, og er allereie klare med endeveggane. Blir veldig spennande å reise ut igjen til helga, for å sjå framgangen.

søndag 14. oktober 2007

Engleteppe, DJ og litt til...............

Jammen går tida fort. Så alt for fort! Ser at eg ikkje har oppdatert bloggen på nokre veker. Har hatt ei travel periode med mykje overtidsjobbing, 50 års-selskap, og gravferd til mi kjære Mor-mor. Ho døde den 2.oktober 95 år gamal (ei utruleg kvikk og kjekk dame. Oppdatert på kva som skjedde i den politiske verden til siste stund.) Denne helga har vi hatt overnattingsgjester, og det var veldig kjekt.

No tenkte eg at eg skulle få meg eit par timar for meg sjølv her på syrommet, før eg skal lage middag. Vi bruker å ha sein middag på søndagane. Har kopiert nokre lydbøker inn på PC-en, så eg kan "lese" samtidig som eg syr. Akkurat no høyrer eg på Brudd av Karin Fossum, og syr på eit engleteppe som skal være gevinst på basaren til Svelgen og omegn Husflidslag.

Ellers har eg fått sydd to DJ-blokker til fellesarbeidet til Nordfjord Lappe-og Quilteklubb. Den eine måtte eg sy omatt, då den første eg laga hadde veldig knappe saumrom. Godt å være ferdig med det ein har lovd. Reiknar med eg får tildelt ei ny blokk på neste møte.