Gleda var stor når eg leita fram juletrepynten i går kveld, og fann dette juletreteppet. Begynte på det til jula 2005, og gjorde det ferdig til jula 2006. Er veldig fornøgd med det, sjølv om eg i utgangspunktet var skeptisk til svart bunn. Har i alle år hatt juletreteppe i strie med filtfigurer på, men no er den "tradisjonen" slutt her i huset.
Dette nisseparet laga eg på eit kurs for mange år sidan. Synast dei er litt knubbete i fjeset, vart aldri heilt fornøgd med dei. Men, det er ikkje jul utan at dei kjem fram i dagens lys. Skjortene dei har på seg er arva babyskjorter. Den som nissemannen har på seg, har både eg og bror min brukt. Mor mi sydde den då ho gjekk på husmorskulen, tidleg på 60-tallet. Skjorta til nissemor har eg arva etter eine søstra til farmor. Ho laga den då ho gjekk på folkeskule omkring 1920.
Med dette biletet av Wilma i nissehue, med juletreet i bakgrunnen, ønskjer eg alle som kikker innom bloggen iløpet av julehelga, ei riktig GOD JUL !!
