søndag 29. juli 2007

Tidlegare arbeid

Tenkte eg skulle vise noko av det eg har laga tidlegare.

Kjole til tanteungen min

Toalettveske i fletteteknikk

Vognteppe til ei som jobba i butikken tidlegare
Veske sydd til mor mi jula 2007

Hardangersaum

Har rydda litt i nokre handarbeidskorger idag. Der dukka det opp enda ein UFO. Gjekk på kurs i Hardangersaum for nokre år sidan, og som den optimist eg er, byrja eg på ein løper med maassse arbeid. Er så vidt begynt på taggekanten rundt, men syntes det var veldig vanskelig, dermed vart han lagt vekk. Kanskje skal eg prøve meg på nytt?

Hjerteteppe

Det første medlemsmøtet eg var på i NLQK, lærte vi å applikere hjerte med frysepapir. Sydde eitt hjerte den kvelden. Då eg kom heim var eg heilt hekta, og skar ut bakgrunner og hjerter til 20 blokker. Sydde eit par stykker, så vart alt liggande. Tok det fram no i forrige veke, og gjorde det ferdig. Hadde tenkt å gi det vekk som dokketeppe, men ombestemte meg. Det er jo trass alt litt nostalgi å behalde den hjerteblokka som utløyste interessa mi for lappeteknikk.

torsdag 26. juli 2007

Hyttetomt på Liset

Her kjem fleire bilete ifrå hyttetomta mi. Den ligg på Liset, vest for Kalvåg i Bremanger kommune. Vi får ei heilt fantastisk utsikt med sjøen/havet i mange retninger.


Ferdig planert hyttetomt


Utsikt frå Flona, som er det høgste fjellet i området.

Wilma

Ein kveld vi trena ferskspor med Wilma, kom ho over dette geviret. Det måtte ho selvfølgelig få lov å ta med seg heim. No er Wilma godkjent som sporhund. Klarte begge prøvene med glans. Jaktprøve er avlagt, så no er vi klare til årets jaktsesong. Wilma har vokse masse i det siste. Om ei veke fyller ho 1 år.

Hyttetomt


Det går framover på hyttefronten. No er tomta nesten ferdig. Vi skal planere litt meir på framsida mot sør, slik at vi får plass til ein skikkeleg uteplass. Så er det berre å begynne å forskale og støype. Gleder meg!

mandag 9. juli 2007

Wilma

I begynnelsen av oktober 2006 var vi og henta oss ein nydeleg labradorkvalp. Ho heiter Labraskas Malakoff Wilma, men vi kaller ho berre for Wilma. Det er masse arbeid å oppdra ein vilter liten kvalp, men veldig moro. Vi driv og trenar for å få ho godkjent som ettersøkshund av hjort og anna storvilt. Er ferdig godkjent på blodspor, men må også klare ei fersksporprøve før vi kan ta til på årets jaktsesong. Det beste med å anskaffe seg hund, er at det alltid er nokon som venter på deg. Lograr med halen, slikkar deg i fjeset, og er din aller beste venn.
Heilt ny på bloggerfronten. Veit ikkje kva eg gir meg ut på, men får ta prøve og feile litt og sjå kva det kan bli til etterkvart.